Hopp til innhold

Arve Mjømen er attvald som fylkesleiar i Høgre

Arve Mjømen vann kampvoteringa mot Bjørn Hollevik, og er dermed attvald som leiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Created by InfoDispatcher

PUSTA LETTA UT: Arve Mjømen er klar for to nye år som leiar i Sogn og Fjordane Høgre. Foto: Eldgrim Fossheim

Mjømen vann kampvoteringa med 68 stemmer. Bjørn Hollevik fekk 32 stemmer. Ein person stemde blankt, og ei stemme gjekk til Bjørn Lødemel.

– Eg er kjempenøgd. Eg hadde aldri trudd det skulle bli så stor skilnad på dette valet, seier Mjømen rett etter valet.

Han innrømmer at det har vore ei noko annleis oppkøyring til partiet sitt årsmøte i Kalvåg enn kva han hadde trudd.

– Sidan det kom ein motkandidat, har eg brukt heile tida fram til no til å førebu meg, slik at eg skulle vere godt budd til dagen i dag, seier Mjømen.

Er kjempenøgd med resultatet

Han var svært glad då resultatet var eit faktum.

– Eg er kjempenøgd med resultatet, og eg skal gjere mitt beste for å ta dette vidare i dei gode fotspora vi er i ferd med å lage, seier Mjømen.

Arve Mjømen

HELD FRAM: Arve Mjømen held fram som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre i to nye år.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Er du overraska?

– Eg har vore i dette spelet nokre år, så eg veit kva som kan skje, og eg veit kva som er mogleg å gjere på ei helg, seier Mjømen.

Er skuffa over Unge Høgre

Bjørn Hollevik var tydeleg skuffa etter valet, og var også overraska over at kampvoteringa enda med eit så tydeleg resultat.

– Det var uventa at det ikkje var tettare, på bakgrunn av signala eg fekk på førehand, seier Bjørn Hollevik.

Han trur det utslagsgjevande var Unge Høgre.

– Etter første nominasjonsrunde gjekk dei for meg, og i neste runde gjekk dei for Mjømen. Eg trur det var utslagsgjevande, seier Hollevik.

– Er du skuffa?

– Ja, over Unge Høgre, seier Hollevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Hollevik

SKUFFA: Bjørn Hollevik hadde trudd avstemminga hadde vorte jamnare.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Valnemnda gjekk for Mjømen

Valnemnda i Sogn og Fjordane Høgre innstilte Arve Mjømen som fylkesleiar for dei to neste åra.

Hollevik var andrekandidat under stortingsvalet i fjor, og er rekna som ein sentral mann i Sogn og Fjordane Høgre med verv både på Fylkestinget og i Flora bystyre.