Sjølv om det har vore lite rømming frå anlegga i Sogn og Fjordane, meiner leiar i WWF, Rasmus Hansson, at også næringa her strykkarakter.
- Eg meiner at oppdrettsnæring er umoden i forhold til å ta ansvar som næring. Når næringsorganisasjonen og næringa ikkje er villege til å ein intern konfrontasjon, så må dei leve med at alle får det gode ryktet sitt øydelagt når nokre ikkje gjer jobben sin, seier han.
- Kunne skjedd her
Førre veke øydela stormen eit av oppdrettsanlegga til Marine Harvest på Nordmøre og så mykje som 300.000 laks kan ha kome ut i havet. Så langt i år er omlag 700.000 oppdrettsfisk rømt i følgje Fiskeridirektoratet. I Sogn og Fjordane er det lite oppdrettsfisk som er rømt i år, men miljøorganisasjonen WWF er klar på at også næringa her er for dårleg og at ulukker som den på Nordmøre like fort kunne skjedd her.
Ueinig i kritikken
Men det er ein kritikk som oppdrettar og nestleiar i Vestnorsk Havbrukslag, Elin Tveit Sveen, ikkje meiner er rett.
- Eg er ikkje einige i at vi er for dårlege. Vi har veldig høg fokus på rømming heile tida, og ein skal hugse på det at over 99,5 % av fisken i merdane ikkje rømmer, seier ho.
Havarikommisjon
Men ein skal ikkje lenger tilbake enn 2002 for å finne store tal også her i fylket, då rømte kring 70 000 fisk berre i Sogn og Fjordane. Frå nyttår vert det strengare reglar for å sikre oppdrettsanlegga og næringa sjølv vil også ha ein havarikommisjon for å etterforske kvifor laks slepp ut i havet.