Hopp til innhold

Woodoo på Hafstadfjellet

– Det er mystisk her oppe, seier artistane frå Haiti. Over hundre friskusar såg ein spesiell konsert i surt vêr på Hafstadfjellet.

Haitiske Chouk Bwa Libète spelte fjellkonsert under Førdefestivalen

SJÅ VIDEO: Chouk Bwa Libète frå Haiti kosa seg i tåka på Hafstadfjellet og leverte ein energisk konsert for over hundre frammøtte på toppen.

– Det er sprøtt for oss å vere her, på toppen av Noreg, seier artisten Sambaton.

Saman med dei andre artistane i Chouk Bwa Libète, frå det karibiske landet Haiti, heldt Sambaton Førdefestivalen sin årlege fjellkonsert i tåka på Hafstadfjellet over Førde.

Innimellom tåkeskyene kunne musikarane og publikum sjå glimt av utsikt til Førde og fjorden, akkompagnert av energiske woodoo-rytmar frå Karibia.

– Vi har ei kjensle av at det er veldig mystisk her oppe. Mystikken passar bra til musikken vår, seier Sambaton.

Chouk Bwa Libète, Førdefestivalen

FOLKSOMT: Godt over hundre møtte opp på toppen for å få med seg konserten.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Dansefot

Sjølv om det regna mykje både før og etter konserten var det ingen regn då Chouk Bwa Libète framførte musikken sin. Musikken består av song og rytmar – og dansefot.

Dei frammøtte friskusane i publikum var glade for litt opphald, og etter kvart såg det ut til at det òg rykka litt i dansefoten til deler av det regnjakkekledde publikummet.

Sambaton seier at dei òg hadde det moro.

– Dette var ein fin konsert. Det er bra å få spele for eit publikum som ikkje kjenner oss. Vi er glade for å få utveksle musikk med Noreg.

Gruppa frå Haiti er no på ein 90 dagar lang turné i Europa, men opna turneen på Hafstadfjellet.

– Woodoo er kjærleik og samhald

Chouk Bwa Libète, Førdefestivalen

MIRAKEL: For Chouk Bwa Libète kjem musikken naturleg, som eit mirakel, seier dei.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Musikken vår er tett knytt til Haiti og til tradisjonane våre. Så det er ikkje noko vi har lært på skulen, det er berre noko som er i oss, som eit mirakel. Vi bruker berre trommer som instrument og så syng vi. Det er naturleg, seier Sambaton.

Han forklarer at woodoo-kulturen er sterk i Haiti og musikk er ein viktig del av denne kulturen.

– Det er vanskeleg for oss å forstå kvifor woodoo er forbunde med hekseri og djevelen her i Europa. For oss handlar woodoo om kjærleik og samhald, og om å ta vare på kvarandre. I eit fattig land som Haiti er dette noko som samlar oss, seier musikaren.