Hopp til innhold

Wittgenstein-huset er endeleg gjenreist

SKJOLDEN (NRK): I eit avsidesliggande hus inst i Sognefjorden la den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein grunnlaget for tenkinga si. Etter over 60 år er huset endeleg gjenreist på originaltomta.

Wittgenstein-huset på Skjolden

SLIK DET VAR: Huset er restaurert tilbake til slik det såg ut då Wittgenstein budde der, høgt over Eidsvatnet på Skjolden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ludwig Wittgenstein blir rekna for å vere blant dei største tenkarane dei siste hundre åra. I fleire periodar i livet budde han i eit enkelt hus på Skjolden i Sogn.

– To gonger i løpet av livet greidde han å snu filosofien i verda, og begge gongene sat han her i Skjolden. Det var her la grunnlaget for det, og han skreiv delvis dei viktigaste tinga her, fortel Knut Olav Åmås.

Han er direktør i Fritt Ord og har skrive fleire bøker om Wittgenstein.

Flytta

Ludwig Wittgenstein

FILOSOFEN: Ludwig Wittgenstein (1889–1951)

Foto: Moritz Nähr/WIKIMEDIA COMMONS

Få år etter at filosofen døydde i 1951, vart huset hans flytta ned i eit byggefelt på Skjolden. For to år sidan byrja arbeidet med å flytte huset tilbake til den bratte fjellsida. Området blir den dag i dag kalla Austerrike, nettopp fordi den austerrikske filosofen bygde seg eit hus der.

I førre veke kunne dei endeleg visa fram huset slik det var då Wittgenstein budde der.

– Mange meinte nok dette aldri kom til å skje, men no er det her, fortel Harald Vatne.

Han er nestleiar i Stiftinga Wittgenstein i Skjolden og ei eldsjel som har jobba for å få huset gjenreist der det stod då filosofen tenkte sine store tankar.

Sa frå seg familieformuen

Avdukingsseremonien skjedde på Fjordstova på Skjolden, og der var storfint besøk frå heile verda. Statssekretær Sveinung Rotevatn stod for sjølve avdukinga saman med Linda Veiby frå Riksantikvaren.

Til stades i salen var også blant andre Austerrike sin ambassadør til Noreg, ordførar Ivar Kvalen, fleire professorar frå inn- og utland, lokale eldsjeler og nemnde Åmås.

Wittgenstein kom frå ein av dei rikaste familiane i Austerrike og vart professor ved Universitetet i Cambridge, som er eit av verdas mest kjende universitet. Han sa frå seg familieformuen, og var det langt frå rikdom og store fagmiljø han fann sine favorittstader.

Knut Olav Åmås

HAR SKRIVE OM WITTGENSTEIN: Knut Olav Åmås har blant anna skrive boka «Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Noreg 1913–50».

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Han var ein kultfigur for tenkarar frå heile verda. Likevel søkte han til austerrikske landsbyar, fjerne strøk av Irland og Wales – og altså inst i Sogn for å finna arbeidsro, fortel Åmås.

Wittgenstein hadde seks opphald på Skjolden mellom 1913 og 1950. Det lengste av dei var eit og eit halvt år.

– Han la grunnlaget for den moderne logiske filosofien på starten av 1900-talet, og påverka retninga tenkinga tok. Han snudde retninga på filosofien i det 20. hundreåret nokre tiår seinare, ved å legge vekt på at me berre kan forstå verkelegheita gjennom språk og måten me brukar språk på, held Åmås fram.

Huset til Wittgenstein i dag

NEDE I BYGDA: Huset vart endra då det vart flytta ned i bygda.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Bratt og ulendt

Sidan slutten av 50-talet har altså huset stått i eit byggefelt og blitt brukt som eit vanleg hus. For to år sidan starta arbeidet med å flytta det tilbake.

Ole Martin Bakken (t.v.) og Harald Vatne

NØGDE: Byggeleiar Ole Martin Bakken (t.v.) og eldsjel Harald Vatne.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bit for bit vart huset plukka ned og bygd opp att inne på ein verkstad. Deretter vart det demontert ein gong til, før det vart sett opp att på den bratte fjelltomta.

– Me hadde ikkje så god plass her oppe. Me fekk lagt ut tre-fire pallar oppe i ura her, men utanom det og der huset faktisk står, er det ikkje mykje plass, seier Ole Martin Bakken, som leia byggearbeidet.