Hopp til innhold

Her plukkar dei av planke for planke

SKJOLDEN (NRK): Bit for bit blir huset til den kjende filosofen Ludwig Wittgenstein plukka frå kvarandre. 66 år etter filosofen døydde, er huset igjen på flyttefot.

Tømrarane i full sving med demontering av Wittgensteinhuset

MYKJE ARBEID: Det er ein del arbeid som må til når ein skal ta eit heilt hus frå kvarandre, planke for planke.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

– Materialet er litt over hundre år gamalt, men det er eigentleg god kvalitet på det, fortel tømrar Ole Martin Bakken.

Under blå himmel er han og eit lite arbeidslag i full sving med demonteringa av huset til filosofen Ludwig Wittgenstein. Det som først vart bygd som ei lita hytte høgt over Eidsvatnet i Skjolden, har sidan 1951 stått som eit fritidshus i Skjolden.

No blir heile huset plukka frå kvarandre, før det neste år skal byggast opp att på den avsidesliggande tomta der Wittgenstein budde i lange periodar mellom 1913 og 1950.

– Det blir litt utfordringar heile vegen. Det er veldig viktig at vi merkar delane skikkeleg når vi tek det ned, slik at vi får sett det saman att, seier tømrar Bakken.

Huset til filosofen Wittkenstein flytter.

SJÅ TV-SAKA: Heile taket på Wittgensteinhuset er no plukka av. No er det veggene som blir tekne ned, og samla vegg for vekk før det blir køyrt vekk.

– Må ha si fødestove her

Austerrikaren Ludwig Wittgenstein blir av mange rekna for å vere ein av dei viktigaste filosofane på 1900-talet. Første halvdel av hundreåret oppheldt han seg i Luster, i ei hytte høgt over Eidsvatnet. Der arbeidde han med to av sine mest kjende filosofiske verk.

Etter at Wittgenstein døydde vart huset flytta og ombygd, og har fram til no vore brukt som eit fritidshus i privat eige. I vår fekk Wittgenstein-stiftinga pengar frå både Luster Sparebank og Fylkeskulturutvalet, og dermed er flyttinga og restaureringa no i gang.

Wittgenstein hus i Skjolden

DEN GONG DÅ: Huset til Ludwig Wittgenstein då det stod på sinn opphavlege plassering høgt over Eidsvatnet.

Huset til Wittgenstein i dag

FØR DEMONTERINGA: Slik har huset sett ut dei siste 60 åra.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Kultursjef Erling Bjørnetun i Luster kommune synst det er stor stas at dei endeleg får huset tilbake til der den først stod.

– Eg trur Ludwig Wittgenstein appellerer i dag som han gjorde i på 1950-talet, til eit stort internasjonalt, vitskapleg miljø. Den forankringa han har til Norge, Skjolden og Luster, gjer at om det skal gjerast noko ut av det, så må det ha si fødestove her.

Trur flyttinga var til det beste for huset

Erling Bjørnetun, her inne i Wittgensteinhuset under demonteringa

VIKTIG: Kultursjef i Luster, Erling Bjørnetun, meiner restaureringa og flytta av Wittgensteinhuset er eit svært viktig prosjekt.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

Då Wittgenstein døydde i 1951 hadde han gitt huset til ein kamerat som budde i Skjolden. Kameraten gav det vidare til ein tredjeperson, som fekk sett det opp på tomta der det sidan har blitt ståande.

Bjørnetun seier Luster Herad også hadde sjansen til å ta over huset, men takka nei. Kultursjefen trur huset har kome godt frå det etter at det vart teke over av folk i bygda.

– Det vart sett opp på ei fint tomt, og er godt teke vare på. Det har høg restaureringsverdi, og materialet er ikkje dårleg. Det utgangspunktet vi har no er heilt optimalt, seier Bjørnetun.