Hopp til innhold

Melder Wergeland-Halsvik til politet

Miljøvernforbundet melder bedrifta Wergeland-Halsvik til Økokrim.

Kurt Oddekalv
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Årsaka er at verksemda har brent opp 60 tonn oljeavfall frå naboverksemda Alexela Sløvåg. I følgje Klima- og forureningsdirektoratet (KLIF) skulle avfallet fraktast ut av landet.

Brent i Norge

Klima- og forureingsdirektoratet var for om lag tre veker sidan på inspeksjon ved Alexela Sløvåg, der alle tankande var tømde og melinga var at alt det giftige oljeavfallet var frakta vekk med tankbåt.

Men dette stemte ikkje.

Det viste seg nemleg at ein del av avfallet var så seigt at det var umogleg å pumpe opp. I staden bestemte naboverksamda Wergeland-Halsvik å ta imot avfallet, og brenne det. Dette provoserer Kurt Oddekald, leiar i Miljøvernforbundet.

– Vi vil melde saka til Økokrim som akkurat er ferdige med rettsaka om Vest Tank. Og det er klart at denne saka får ein ny dimensjon fordi ein har brent avfallet, seier Oddekalv.

– Grotesk historie

Eigaren av Wergeland-Halsvik, Hans Wergeland, hevdar avfallet ikkje var giftig og at verksemda hadde lov å brenne det.

– Dette er ein heilt grotesk historie, og eg fattar ikkje og begrip ikkje korleis bedrifta kan holde på som dei gjer, seier Oddekalv.

Wergeland ønskjer ikkje å kommentere saka.