Hopp til innhold

- SFT må bli strengare

Statens forureiningstilsyn, SFT, må bli strengare med avfallsbedrifter som bryt forureiningslova.

Wergeland Halsvik i Sløvåg.
Foto: Ottar Starheim / NRK

Miljøpolitikarar på Stortinget krev at SFT svingar pisken over avfallsbedrift i Sløvåg.

Gunnar Kvassheim

Gunnar Kvassheim.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Uhaldbart

- Uhaldbart og skremmande!

Det er karakteristikkane frå miljøpolitikarane på stortinget etter avsløringane om at Gulen-verksemda Wergeland-Halsvik har brote forureiningslova fleire gonger .

- Vi kan ikkje sitje og sjå på at ei bedrift ikkje følgjer regelverket. Og vi må få strengare straffer og lover, seier leiar for energi og kontrollkomiteen på stortinget Gunnar Kvassheim frå Venstre.

Men, bedrifta skal no ha ansvaret for det komande deponiet for lågradioaktivt avfall frå Nordsjøen.

Wergeland- Halvik har møtt kritikken dei har fått etter lovbrota, med at dei har retta opp i det dei har fått påpakning for.

Bedrifta tener store summar på farleg avfall.

Krev strengare straffar

- Straffane må bli strengare, samstemmer komiteemedlem Terje Aasland i arbeidarpartiet.

Kvassheim går lenger.

- Bedrifter som ikkje følgjer regelverket bør miste konsesjonen om dei ikkje innretter seg med ein gong, seier han.

NRK har vore i kontakt med fleire miljøpolitikarar som er uroa over situasjonen.

Kvassheim meiner oppfølgjinga av Wergeland- Halsvik ikkje har vore god nok.

- Eg synest ikkje oppfølgjinga har vore god nok. Det burde vore naturleg at denne bedrifta får mykje tettare og systematisk oppfølgjing , seier han.

Miljøvernminister Erik Solheim var tidlegare ute og kritiserte bedrifta i Gulen.

Han karakteriserte den som rufsete.

Bot ikkje nok

Trude Brosvik
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Trude Brosvik , ordførar i Gulen, trakk seg frå styrevervet i Fjordgass AS, som er heileig av Wergeland Holding AS , for ikkje lenge sidan.

For bot er ikkje alltid nok, meiner politikarane.

- Dei som fører tilsyn med bedrifta og skal ta på seg ansvaret for det, må ha sanksjonsmoglegheiter og kunne stogge verksemda om det er naudsynt, meiner komiteeleiaren.

Han meiner då at andre kan få overført dei oppgåvane bedrifta som ikkje lenger får drive i utgangspunktet hadde.

- Det er uakseptabelt at dei kan utsetje miljøet for denne faren, seier Kvassheim.