Men geolog i Statens vegvesen, Odd André Rustad, meiner det er trygt nok å ha trafikk på vegen, sjølv om det ligg att to blokker i området der det rasa måndag kveld. - Det ser ut til at dei to blokkene, ei stor og ei lita, låser kvarandre, seier han.
15 ras på seks år
- Vegen mellom Måløy og Raudeberg er ikkje meir utrygg no enn han har vore dei siste åra, seier Rustad. - Frå 1996 til 2002 vart det registrert 15 nedfall på ein strekning på nokre hundre meter. Så trygt vil det ikkje bli før bilistane køyrer i tunnel under rasområdet, seier Rustad.
Odd André Rustad. Arkivfoto Rune Kjær Valberg, NRK
Utrygt fram til 2007
Arbeidet med å byggje ein tunnel som skal verne bilistane mot det utrygge fjellet er i gang. Men tunnelen er ikkje ferdig før i juli 2007, og fram til då må bilistane framleis vere budde på stein i vegbana. Måndag kveld heldt det på å gå gale igjen. Då køyrde Arve Horn rett inn i eit steinsprang. (Sjå Knust bil i ras)
Bilistane må vere merksame
Rustad seier dei vil ha ei grundigare gransking av fjellsida det rasa frå. Han ber bilistane vere særleg merksame på stein som kan ligge i vegen. - Vi vil ha ei løpande vurdering av vertilhøva, slik at vi kan sette inn vakthald dersom rasfaren blir ekstra stor, seier geolog Odd André Rustad.