NRK Meny
Normal

Volvo skaffar seg ny felgleverandør

Alle forsøk på å redde Fundo Weel i Høyanger stranda i onsdag kveld etter at Volvo gav beskjed om at dei hadde skaffa seg andre felgleverandørar.

Fundo
Foto: Cosmin Cosma, NRK

Dermed forsvann siste halmstrået, seier Høyanger-ordførar Kjartan Longva.

Sjå Kroken på døra torsdag

- Vi hadde kanskje kunne fått til ei avtale med Innovasjon Norge for vidare drift framover mot påske. Men det kravde at begge dei store kundane Volvo og Audi var med. Og Volvo gav beskjed om at dei har omplassert bestillingane sine. Då er det ikkje kundar, og dermed ingen grunn til å produsere, seier han.

Ikkje interessert i å finne syndebukk

Ordførar i Høyanger Kjartan Longva

Ordførar i Høyanger Kjartan Longva

Foto: Steinar Lote / NRK

Og når alt håp er ute, er Longva lite interessert i å peike ut syndebukkar.

- Kven gjorde kva, og ditt og datt og Innovasjon Norge og heile pakka . Innovasjon Norge har gjort ei bedriftsøkonomisk vurdering av det opplegget vi hadde. Vi hadde ein konklusjon og dei ein annen.

- Kunne dykk gjort noko annleis ?

- Nei, det kan eg ikkje sjå. For heile denne greia dreier seg om å stille med nok pengar. Og eg er samd med Innovasjon Norge i at vi burde ha ein tung industriell investor, og dei finns ikkje i dag.

Hybridfelgen til utlandet

Ekstra surt syns Longva at den lokalt utvikla hybridfelgen no ser ut til å forsvinne ut av landet.

- Vi har brukt 200 millionar kroner og ti år på å utvikle det. Og det er Innovasjon Norge som har retten til det. Om det blir selt veit eg ikkje, men i alle høve vert det ikkje produsert i Norge. Det syns eg er litt surt.

Ser framover

Men frå i dag er Longva opptatt av å sjå framover. For industrilokala til Fundo i Høyanger blir ståande.

- Vi sit med 21.000 kvadratmeter industrihus, og har ein del kraft disponibelt når Fundo no legg inn årene. Vi får byrje å leite etter andre alternativ, seier ordføraren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.