Hopp til innhold

Vogntog tok ein «galimatias» under forbikøyring i tunnel

Eit vogntog køyrde forbi to andre vogntog i ein høgresving i tunnel. – Det er heilt vanvittig, rasar brannsjef.

Ein forbikøyring i ein høgresving i ein tunnel.

SJÅ VIDEO AV FORBIKØYRING: Erik Veim filma den skumle forbikøyringa i Stalheimtunnelen på E16 (Foto: Veim/ Redigering: Landsverk)

Midt på natta fekk yrkessjåfør Erik Veim eit syn han ikkje vil gløyme med det første. På eit kamera fekk han fanga eit vogntog som tok ei forbikøyring forbi to andre vogntog i ein høgresving.

Hendinga skjedde om natta i Stalheimstunnelen på E16 mellom Aurland og Voss.

– Eg kom køyrande på veg oppover tunnelen, då eit vogntog kom på sida. Eg oppfatta det som ein særs uansvarleg forbikøyring utan moglegheit for oversikt, seier Veim.

Opplevinga sette ein støkk i yrkessjåføren

– Føraren av vogntoget burde ikkje hatt førarkort i det heile. Med ein bil i mot ville det vore ein del menneske som ikkje hadde kome heim den kvelden, seier Veim.

– Dette kunne fått det verste utfallet

Reinhardt Sørensen

FRYKTA DET VERSTE: Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, fryktar forbikøyringa kunne enda stygt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Skjer det ei brannutrykking, er det brannvesenet i Aurland som rykkjer ut. Reinhardt Sørensen er brannsjef i Aurland kommune, og rasar over forbikøyringa.

– Det er heilt vanvitig og forferdeleg. Dette kunne fått det verste utfallet. Hadde nokon kommen mot, så ville dette vore ei særs stygg ulukke, seier han.

Brannsjefen fryktar forbikøyringa kunne enda stygt.

– Forbikøyring i ein sving i ein tunnel er heilt klart ikkje bra. Med ein bil i mot ville det blitt kollisjon. Det er ikkje noko å tvile på. Dette er alt anna enn heldig, seier Sørensen.

Lensmann blir oppgitt over forbikøyring

Lensmann Magne Knudsen

STOR FARE FOR ANDRE: Lensmann i Årdal kommune, Magne Knudsen, er oppgitt over forbikøyringa og meiner føraren utsette andre for stor fare.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, har sett opptaket av forbikøyringa, og høyrt forklaringa til han som filma det heile.

– Eg har sett mange stygge forbikøyringar, men dette er hinsides alt. Ei forbikøyring av denne typen gjer at føraren av vogntoget utset seg sjølv, og ikkje minst andre, for stor fare, seier Knudsen.

Knudsen føler seg oppgitt over oppførselen til føraren av vogntoget.

– Du køyrer ikkje forbi i ein høgresving i ein tunnel. Du gjer det berre ikkje. Vil folk komme heim eller ikkje? Det er spørsmålet. Eg blir matt, seier han.

Etter å ha sett videoen har Knudsen tatt kontakt med firmaet som eiger vogntoget.

Firmaet vil følge opp saka, og har allereie gjort tiltak, seier han.