Hopp til innhold

Forbikøyring enda i alvorleg ulykke

Kameratens bil låg alt over fartsgrensa då glopparen «fliste» han i ei forbikøyring. Det endte fatalt.

ulukke breim

PÅ TAKET: Føraren vart alvorleg skadd då bilen hamna på taket under ei forbikøyring i Breim i 2008. Arkivfoto

Foto: MMS-tipsar

Den no 31 år gamle mannen vart alvorleg skadd då bilen hamna på taket. I etterkant vart han bøtelagd for aktlaus køyring, men nekta å godta bota etter ulykka som han ikkje hugsar noko frå.

Køyrde forbi kvarandre

Det var ein laurdag i september 2008 at tre glopparar hadde vore samla ved Esso-stasjonen på Byrkjelo då dei la ut på E39 i kvar sin bil. I 60-sona nord for Byrkjelo vart bilen som først forlet bensinstasjonen forbikøyrd av dei to andre etter tur. Då 60-sona vart oppheva hadde tiltalte sin bil allereie fått fleire hundre meters forsprang.

Men bilen som no låg som nummer to i køen slo seg ikkje til ro med dette. Han skulle fremst. Men på den svingete europavegen i retning Reed gjekk det gale. På ei langstrekkje ved Flølo starta den då 29 år gamle bilføraren forbikøyringa for seint. Før han kom seg forbi hadde dei to bilane i høg fart nådd fram til den krappe svingen i enden av langstrekkja, og dei to bilane kom borti kvarandre.

Henta av luftambulansen

29-åringen, som hadde høgast fart, miste kontroll over bilen, fekk skrens og hamna på taket i grøfta.

Alvorleg skadd vart han frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse, og seinare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Mannen fekk omfattande skader, og det oppstod skader på begge bilane

Endra forklaring

Føraren av bilen som vart forbikøyrd, forklarte til politiet at farten skal ha vore 100 km/t då ulykka skjedde. Vedkommande har seinare gått tilbake på dette, og hvedar farten var 90 km/t.

Politiet si etterforsking konkluderte likefullt med at 29-åringen braut vegtrafikklova og handla uaktsomt då han under forbikøyringa kom borti den andre bilen, miste kontrollen og køyrde av vegen. Han nekta å vedta bota han vart ilagd etter ulykka som han ikkje hugsar noko frå, og saka hamna i retten.

– Utover ein kvar rimeleg tvil

Fjordane tingrett gir påtalemakta fullt medhald. Retten finn det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at tiltalte handla uaksomt.

«Tiltaltes trafikale uaktsomhet fikk et svært alvorlig utfall i det kjøringen endte med betydelige skader både på person og materiell. Med de krefter som var involvert kunne ulykken også lett fått enda større konsekvenser.», konkluderer tingretten.

Den no 31 år gamle glopparen er i retten dømd til å betale 10.000 kroner i bot, og må også betale 5000 kroner i sakskostnader.

Då han alt har vore utan førarkort ein lengre periode etter ulykka, ser retten denne delen av straffa som oppfylt.