Ronny Hafsås var nesten 50 sekund bak den suverene vinnaren, norske Petter Northug. Også bronsemedaljen gjekk til ein nordmann, Emil Hegle Svendsen. Halvveges hadde Ronny sju sekund til gode på Hegle Svendsen, men måtte sjå han 14 sekund før seg i mål. Men han var likevel godt nøgd med plasseringa.
Glad for sølv, men...
Men på stafetten vart det medalje også på Stårheim-løparen. Han fekk rett nok ikkje farten opp på sin etappe, der han berre hadde 11. beste tid og tapte 45 sekund til Russland. Men sølvmedaljen var han glad for. Sjølv om han hadde gått opp mot sitt beste, ville det ikkje blitt gull. Til det var Russland for gode.
I mål skilde det 1.28 mellom Russland og det norske laget.
Sliten Hafsås
Sjølv meiner Ronny Hafsås at hardkøyret i vinter er årsaka til at han ikkje gjekk betre på stafetten. Det har gått i eitt for Stårheim-løparen, rett frå junior-VM i skiskyting til junior-VM i langrenn. Han greidde å mobilisere kreftene til 10 kilometer individuelt, men på stafetten mangla han overskot.
Rett til skiskyting-NM
Andre påskedag kom han tilbake frå Finland til Norge, men det vart ikkje tid til ein tur heimom Stårheim. No går turen til Mo i Rana, der NM i skiskyting for senior går denne veka.