Hopp til innhold

Kan kome til VM i Brasil for Ghana - slit benken i Sogndal

Mahatma Otoo kom til Sogndal som stjerne og toppscorar. Men der må han sitte på innbytarbenken og sjå lagkameratane forsvare seg til ny kontrakt.

Created by InfoDispatcher

Sogndal-spiss må slite benken - SOGNDAL-181013-SF

Spissen kan kome til VM i Brasil for eitt av dei beste landslaga i Afrika, Ghana. Men i Sogndal lir han under at klubblaget ser seg nøydd til å vere ultradefensive for å sikre plassen i eliteserien.

På Ghana er han lagkamerat med Asamoah, Essien og andre stjerner som har ein fot i neste års VM. I Sogndal slit han benken, men han angrar ikkje på at han vraka europeiske toppklubbar.

– Eg er ikkje skuffa. Eg veit at dei vil bruke meg, men akurat no er det viktigaste å sikre plassen. Sogndal er ein god stad å starte for meg, det er fantastiske treningstilhøve. Så om eg trenar godt er eg snart klar for større ligaer i Europa.