Hopp til innhold

Fotballekspert trur Sogndal unngår kvalikplass sjølv med tap mot Start

Søndag møter Sogndal laget som akkurat no ligg på kvalifiseringsplassen i eliteserien i fotball - Start. Kampen går på Sør Arena, der Start sabla ned Sandnes Ulf med 7-0 i forrige heimekamp.

Rune Bolseth

SKAL HALDE NOK LAG BAK SEG: Sogndal-kaptein Rune Bolseth, her i kamp mot Sarpsborg 08, har god tru på at dei unngår kvalifiseringsplassen.

Foto: Christian Blom

Start har vunne to kampar på rad, medan Sogndal har tapt sine to siste kampar. Kaptein Rune Bolseth er klar på at det er uhyre viktig å ta poeng.

– Vi har fire poengs forsprang før kampen. Taper vi, er det berre eitt poeng ned til Start, vinn vi er det sju poeng ned til kvalikplassen. Det blir ein tøff kamp, Start har vore gode i det siste, men vi er veldig sugne på å revansjere oss etter to tap.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl-Petter Løken

TRUR SOGNDAL GREIER SEG: Karl Petter Løken reknar med at Sogndal kjem over kvalifiseringsplassen.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Sogndal greier seg

Men NRK sin fotballekspert, Karl Petter Løken, trur Sogndal til slutt hamnar over kvalifiseringsplassen sjølv om det skulle bli tap mot Start.

– Eg har sett litt på det attverande programmet til Sogndal, og eg trur dei kjem til å greie seg. Dei møter for det meste lag som ligg bak dei på tabellen, dei har dermed eit overkommeleg program, så dei har eigentleg det heile i eigne hender.

Sogndal har fire heimekampar og tre bortekampar igjen, og normalt skulle det vere ein fordel også, sjølv om Sogndal til no har teke fleire poeng borte enn heime.

– Det trur eg er litt tilfeldig, no på tampen av sesongen vil det vere ein fordel å ha fleire heimekampar enn bortekampar.

Byggjer på andreomgangen mot LSK

Sogndal har ni poeng ned til dei to laga som ligg på nedrykksplass, Hønefoss og Sarpsborg 08. Det forspranget skal det godt gjerast å skusle vekk, men skal sogndølene unngå kvalikplassen må det plukkast ein del poeng framover.

Sjølv om Sogndal har to tap på rad, meiner lagkaptein Rune Bolseth at laget har god tru på poeng på Sør Arena.

– Vi hadde eit veldig godt trykk i andre omgang mot Lillestrøm, så målet er å byggje vidare på det. Då såg vi kva som skal til, og vi tek med oss mykje positivt frå den omgangen. Men vi må sjølvsagt prestere jamnare gjennom 90 minutt, då kjem resultata.

(Artikkelen held fram under biletet)

Start

TØFF KAMP I VENTE: Start scora flittig i forrige heimekamp mot Sandnes Ulf - 7-0 vart det til slutt.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vil svare med same mynt

Bolseth er budd på at Start kjem til å gå hardt ut på heimebane, men han og lagkameratane er innstilte på å prøve å få spelet over på motstandaren sin banehalvdel.

– Går dei hardt ut får vi prøve å svare med same mynt.

Før denne helga er det sju kampar att av 2013-sesongen. Med tre poeng mot Start er nok mykje gjort for Sogndal, men med tap kan det bli eit bikkjeslagsmål for å unngå kvalikplassen.

På papiret er Sogndal mellom dei laga på nedre del av tabellen som har det lettaste programmet (sjå faktaboks). Men i denne sesongen har det vore så mange uventa resultat at det i seg sjølv ikkje treng å bety noko.

Her ser du tabellen .

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Bolseth

VIL GJE JERNET: Rune Bolseth har tru på at Sogndal skal plukke dei poenga som trengst for å unngå kvalifiseringsplassen.

Foto: Christian Blom

– Odd eller Sandnes Ulf

Karl Petter Løken trur at Hønefoss og Sarpsborg ikkje greier å kome seg vekk frå dei to nedrykksplassane. Kva lag som til slutt hamnar på kvalifiseringsplassen er litt verre å spå.

– Eg trur formkurva til Start tilseier at dei kjem til å klatre nokre plassar, eg trur og at Tromsø unngår kvalifiseringsplassen. Då står eg att med Odd og Sandnes Ulf og kanskje Vålerenga, men eg trur det blir Odd eller Sandnes Ulf som endar på den plassen.

Og Sogndal-kaptein Rune Bolseth har god tru på at plassen i eliteserien skal vere sikra før dei møter Aalesund til årets siste kamp, på Fosshaugane Campus 10. november.

– Det trur eg vi greier, men uansett må vi opp på toppnivå for å vinne kampar. Er vi litt under pari får vi ikkje dei resultata vi ynskjer, vi må vere på maks.

Ein statistikk Bergens Tidende har fått utarbeidd viser at Sogndal er mellom dei laga som motstandarane skaper færrast sjansar mot, men laget er samstundes det laget som skaper klart færrast eigne sjansar.

– Den statistikken satsar vi på å forbetre på dei siste kampane, seier Rune Bolseth.