Hopp til innhold

Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar

Kombinasjonen kraftig vind og nedbør gir utfordringar for enkelte fjellovergangar i Sør-Noreg.

Riksveg 7 Haugastøl bom

BOM: Hardangervidda er stengd for små køyretøy, men det er kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Tidligere på natta var det også kolonnekøyring for mindre bilar, men vêret har forverra seg.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

– Hardangervidda måtte vi stenge for små køyretøy. Her er det kolonnekøyring for dei over 7,5 tonn, fortel Nina Heggernes, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

I tillegg vart det allereie tysdag kveld innført kolonnekøyring på utsette Vikafjellet, men overgangen opna i 06-tida onsdag.

På kort varsel kan det også bli innført kolonnekøyring på ei av hovudfartsårene mellom Aust- og Vestlandet, Hemsedalsfjellet. Tyin-Årdal kan bli stengd på kort varsel.

– Det er på grunn av kombinasjonen vind og nedbør. Det bles seg opp og då blir det dårleg sikt og vanskelege køyreforhold, seier Heggernes.

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg seier at at vinden vil roe seg utover onsdagen, men at den vil ta seg opp att frå kvelden av.

– Då kjem det ein ny front frå vest, som gir ny vindauke. Vinden vil auke til sørleg sterk kuling på kysten, opp i liten storm ved Stad. Då blir det også ei ny runde med regn, seier han og legg til at det allereie torsdag føremiddag blir lettare vêr.

Slik er det på fjellovergangane kl. 0740

  • E6 Dovrefjell: Vekslande bart og snø- og isdekke.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke, somme stader redusert sikt. Kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
  • E134 Haukelifjell: Vekslande bart- og snødekke.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Vekslande bart, snø- og isdekke, redusert sikt på grunn av snøføyk.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Ope for fri ferdsle etter kolonnekøyring, men blir nattestengt frå klokka 22 onsdag til klokka 10 torsdag på grunn av uvêr.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti og redusert sikt på grunn av sterk vind. Kan bli stengt i periodar på inntil ein time på grunn av vegarbeid fram til fredag. Gjeld tidsrommet frå klokka 07 til 0930 og frå klokka 1230 til 18. Fram til fredag stengt ved Ospelitunnelen mellom klokka 0930 og 1230.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Stort sett bart. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Vekslande bart og vått, snø- og isdekke og fare for glatte parti.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Kolonnekøyring for alle frå klokka 0800.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Vekslande bart, snø- og isdekke. Kan bli stengt på kort varsel.