NRK Meny

Vil til Høyanger

98 prosent av innbyggjarane på Nessane i Balestrand vil til Høyanger kommune, skriv avisa Ytre Sogn. Balestrand blir no del av nye Sogndal kommune, saman med Sogndal og Leikanger. Det har gjort at bygdefolket har teke til orde for å flytte grensa over til Høyanger. I løpet av april vil Fylkesmannen komme med si tilråding når det gjeld Nessane.