NRK Meny
Normal

Vil spare tid og pengar på utbygd fengsel

Politiet i Sogn og Fjordane ville spart seg både tid og pengar om Vik fengsel vart bygt ut. – Varetektsplassar er mest prekært, seier regionlensmann Arne Johannesen i Sogn.

Arne Johannessen

TYDELEG: – Som regionlensmann i Sogn er eg veldig tydeleg på at vi må satse meir på Vik fengsel. Her ligg det klart gode og framtidsretta planar, seier regionlensmann Arne Johannesen i Sogn.

Foto: Christian Blom / NRK

Vik fengsel har i halvanna år hatt planar om 30 nye fengselsplassar, men regjeringa vil heller byggje ut i store byar – og sende fangar til Nederland for 240 millionar kroner i året.

– Då er det betre å satse på velfungerande gode institusjonar i Norge, som viser høg kvalitet og tek på alvor samfunnsoppdraget med å rehabilitere fangar og få dei tilbake i eit velfungerande liv, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannesen.

Varetektsplassar

Kring 1 000 personar står i kø for å få ein av dei nær 3 900 soningsplassane som er i norske fengsel. Ei utbygging i Vik er ikkje åleine medisin for smekkfulle fengsel, men det vil vere eig god hjelp for regionen.

Roy Egil Stadheim

VIL UTVIDE: Fengselssjef Roy Egil Stadheim i Vik ynskjer seg 30 nye plassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Både for dei som ventar på soning, men også for eit politi som spesielt har utfordringar med å finne varetektsplassar.

– Dei veit du aldri når dukkar opp. Det er utruleg viktig når vi får ein alvorleg sak og du får kjenning på varetekt at du slepper å køyre dei land og strand rundt for å plassere dei og ikkje minst avhøyre dei. Det er så ressurs-sløsande og lite effektivt, seier Johannesen.

Forsvarar leige

Vidar Brein-Karlsen

FORSVARAR: – Vi var opptekne av å få eit stort volum rakst, og difor vart Nederland ei veldig god løysing for oss. Løysinga står klar til bruk frå 1. september og vil hjelpe oss godt med soningskøen, seier Vidar Brein-Karlsen (Frp).

Foto: pressefoto

Arbeidet med å finne varetektsplassar har fleire gonger blitt til hovudbry for politiet i Sogn og Fjordane. Ikkje berre å leite opp ledige plassar, men også arbeidet med å transportere fangane fram. Nye reiser følgjer i samband med avhøyr, dersom ikkje lokalt politi nær fengselet tek denne jobben.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) forsvara før helga å leige fengselsplassar.

– Det er vår oppgåve å starte utbygginga der det trengst mest, og der planane er nærast ei realisering. Vi jobbar kontinuerleg med kapasiteten, men det viktigaste tiltaket vi no har fått er 242 plassar i Nederland som er klare frå første september, sa han.

– Bør byggje vidare på

– Eg meiner Vik fengsel har faglege kvalitetar som er viktig å byggje vidare på. Alle er tente med institusjonar som gjer ein god jobb i høve til rehabilitering, skape fagleg gode soningskø slik at så det blir lite tilbakefall blant dei som slepp ut att, seier Johannesen.

– Ein kan vel ikkje byggje ut alle fengsla?

– Ein kan ikkje byggje ut alle, men det er verdt å ta dei som har klare planar. Alt er ferdig planlagt og det gir raskt det resultat du er ute etter. Når det står over 1000 i kø, så er det god investering å få dei inn til soning og tilbake i samfunnet att.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.