Hopp til innhold

Her vil fengselssjefen byggje ut 30 nye plassar – i staden blir fangar sende til Nederland

Fengselssjef Roy Egil Stadheim ved Vik fengsel er frustrert over Regjeringa. Politikarane vil ha redusert soningskøane, men gir ikkje klarsignal til utbygging av fengselet i Vik.

Roy Egil Stadheim

FRUSTRERT: Fengselssjef Roy Egil Stadheim i Vik peikar her på området der dei vil byggje ut 30 nye lukka fengselssplassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er litt rart å tenkje på når vi i halvanna år har sagt at vi kan byggje ut 30 plassar. Hadde dei gripe sjansen med det same hadde dei plassane stått klare no, seier Stadheim til NRK.no.

Over 2500 dømde i kø

I sin finaste uniform kunne Stadheim i dag ønske velkommen til 150-årsfeiringa av Vik fengsel. Talar og kulturelle innslag var på plass, men den største fødselsdagsgåva var det ingen som kom med.

Ønsket om 30 nye lukka plassar heng framleis i lause lufta, samtidig som det står over 2500 dømde i soningskø.

– For region Vest hadde det monna med 30 nye plassar. Ein må begynne ein plass, og om politikarane grip sjansen kan dei 30 plassane stå klare neste år, seier Stadheim.

Vik fengsel markerte i dag at det er 150 år sidan dei opna dørene. Men bursdagsgåva fengselssjefen har mest lyst på, let framleis vente på seg.

Gir mykje utgang

Han har fått mykje støtte frå lokale politikarar som meiner Vik fengsel sikrar god rehabilitering. Sjølv avviser Stadheim at fengselsutbygginga berre bør skje i og rundt dei store byane.

– Eg har jobba i denne etaten i over 20 år, og ser kor viktig det er å ha fengsel i distrikta, seier Stadheim.

– Vi er nok det fengselet i landet som har desidert mest utgang til aktivitetar der dei innsette får sjå fjord og fjell, og der vi snakkar med dei i eit anna miljø enn inne på ei fengselscelle.

– Kastar pengane ut glaset

Liv Signe Navarsete

ILLE: Liv Signe Navarsete som representerer Senterpartiet på Stortinget synest det er ille at Regjeringa ikkje gir klarsignal for utbygging i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men i staden for å gi tommelen opp for utbygging av Vik fengsel har Regjeringa mellom anna inngått ein fengselsavtale med Nederland. For rundt 240 millionar kroner i året skal Norge leige 242 fengselsplassar.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, kallar situasjonen hårreisande, og skulle mykje heller ha bygd ut norske fengsel, som det i Vik.

– Vi kastar pengane ut glaset i staden for å byggje ut gode institusjonar som gir arbeidsplassar, men også eit godt tilbod til dei innsette, rasar ho.

Åshild Kjelsnes

TRIST: Åshild Kjelsnes, fylkesordførar for Ap i Sogn og Fjordane, støttar fullt opp om utbygginga av Vik fengsel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet, er samd.

– Vi synst det er trist at Regjeringa er lunkne til ei utbygging i Vik. Vik fengsel har lang tradisjon for å vere eit godt fengsel, og vi veit at det også er stor entusiasme blant dømde for å sone der.

Forsvarar fengselsavtale

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Framstegspartiet forsvarar at Regjeringa har valt å leige fengselsplassar i Nederland.

– Vi set pris på initiativet frå Vik fengsel, og har fått liknande initiativ frå andre. Det er vår oppgåve å starte utbygginga der det trengst mest, og der planane er nærast ei realisering.

– Vi jobbar kontinuerleg med kapasiteten, men det viktigaste tiltaket vi no har fått er 242 plassar i Nederland som er klare frå første september, seier Brein-Karlsen.