Hopp til innhold

Vil sette paraglide-rekord

Paraglide-piloten Sindre Hauglum vil sette ny nordisk rekord i triangelflyging.

Paraglider
Foto: Jan Pitman / Scanpix/AP

Førde-mannen har alt gjeldande norsk rekord i øvinga, og følgjer no nøye med på vermeldingane for å sikre seg optimale rekordtilhøve.

Vil flyge 68 kilometer

Gjeldande nordisk rekord i triangelflyging er på 61 kilometer, og utøvaren frå Førde Luftsportklubb planlegg eit rekordforsøk som går sju kilometer lengre, altså heile 68 kilometer. I triangelflyging lagar utøvaren ei rute i ein trekant som han skal flyge, han må vere innom tre punkt.

Luster er arenaen

- Eg har funne meg ein flott plass i indre Sogn, i Luster, så turen vil gå frå Gaupne, inn Lustrafjorden, så over nokre fjellparti til Jostedalen, og så nedatt til Gaupne. Eg har nokre gode kameratar der som kan fortelje meg korleis veret er på dei traktene.

- Kva skal til for å bli ein god paraglider?

- Du må vere tålmodig, må lære mykje om meteorologi, særleg mikrometeorologi, og aerodynamikk. Vi trenar ikkje fysikk, det er eit slags handverk som du må øve mykje på for å få det inn i fingrane, få alt systematisert.

Ventar på optimale tilhøve

Sindre Hauglum ventar altså tålmodig på optimale vind- og vertilhøve, og så snart meldinga kjem er han klar for rekordforsøk

- Då må eg ta ein prat med sjefen min for å få fri, og så stikk eg til Sogn.