NRK Meny
Normal

Vil sende jordbruksmeldinga i retur

Bondelaget i Sogn og Fjordane er så misnøgde med jordbruksmeldinga som regjeringa la fram før jul, at dei meiner landbruksministeren bør få heile meldinga i retur.

Anders Felde

HAR FÅTT NOK: Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag meiner ein no må slå ring rundt den norske landbruksmodellen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Meldinga er eit langt steg vekk frå den norske landbruksmodellen som vi meiner har fungert godt, seier Anders Felde, som er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Fredag 9. desember la Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) fram regjeringa si landbruksmelding for 2017. Regjeringa ønskjer å skjerpe konkurransen i landbruket og foreslår mellom anna å avvikle marknadsreguleringa av fleire landbruksprodukt. I bondelaget meiner dei at endringane regjeringa legg opp til vil føre til sentralisering og tøffare vilkår distriktsbonden.

– Berre dei siste 15 åra har halvparten av mjølkebøndene blitt borte. Konsekvensen av denne meldinga for bøndene her i fylket er at meir areal går ut av drift. til dømes eggproduksjonen kjem ikkje til å ha noko sjanse til å overleve med desse endringane, seier Felde.

Kjende tonar

For Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet kjem ikkje kritikken frå Bondelaget som noko overrasking.

Frank Willy Djuvik

ENDRING MÅ TIL : – Vi kan ikkje drive landbruk slik som for 20 år sidan, difor legg vi til rette for at landbruket kan fornye seg, seier Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Så lenge framstegspartiet sit i landbruksdepartementet, så kjem dei nok til å vere negative uavhengig av kva som kjem. Jordbruksmeldinga er ei melding som tar landbruket i den retning som regjering har sagt at den skal, seier Djuvik.

Han seier at dei skal sørge for meir matproduksjon og ikkje minst meir effektiv matproduksjon. I tillegg legg dei opp til forenkling av dagens verkemiddel i landbrukspolitikken. Feil medisin meiner bondelaget.

.– Det går alltid ut over distrikta. Då snakkar vi Vestlandet, Nord Norge, og distriktsjordbruket elles. Når til dømes avløysarordninga og marknadsordningane innan fleire produksjonar skal vekk, så kjem ikkje vi til å klare å levere dei produkta vi har gjort til no, seier Felde.

Håpar på Stortinget

Om ei veke møtes den forsamlinga som har mest makt innanfor landbruket, nemleg representantskapet i bondelaget. I forkant av møtet har bondelaget i Sogn og Fjordane alliert seg med bondelaga i Hordaland og Møre og Romsdal.

Dei ynskjer å få bondelaget sentralt med på å sende jordbruksmeldinga i retur til landbruksministeren.

– Den neste utfordringa vert å få med oss Venstre og KrF på å seie at no har vi drive med skadeavgrensing lenge nok i forhold til dei tiltaka som kjem frå regjeringa. No må vi sette ned foten og samle oss rundt den norske landbruksmodellen, som til no har vore ein stor suksess, seier Felde.

Vegopning på Bergum i Førde kommune