Hopp til innhold

Frp sin lette i mjølkepolitikken gjer bøndene sure

Landbruksministeren sitt ønske om lettare tilgang på kvotar for dei som vil investere, skapar sure mjølketonar hos andre bønder.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale etter presentasjonen av Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen fredag.

STÅR PÅ SITT: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale får kritikk for forslag om å redusere talet på mjølkeregionar.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Mjølkeproduksjonen i Norge er i dag strengt regulert og det er enorme prisforskjellar for bønder som vil kjøpe seg meir

– Mjølkekvotane er ekstremt dyre. Det bidreg til at investeringar som kunne ha kome, ikkje kjem, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).

9. desember la landbruksministeren fram jordbruksmeldinga, der det mellom anna blei føreslått å kutte talet på mjølkeregionar frå 18 til 10.

Bondeorganisasjonane reagerer kraftig på forslaget, men Dale meiner jordbruket må omstille seg for auke norsk matproduksjon.

– Vil sikre mjølkeproduksjonen

Bakgrunnen for forslaget er at prisen for å kjøpe opp mjølkekvotar varierer kraftig i dei forskjellige regionane.

I Rogaland kostar det til dømes mellom 13 og 14,50 kroner å kjøpe opp ein liter mjølkekvote. I Sogn og Fjordane er prisen mellom åtte og ni kroner.

– Vi er nøydde til å sørgje for at vi har eit kostnadsnivå i jordbruket som gjer at folk har råd til å investere, seier landbruksministeren.

– Eg trur at å opne regionane, samstundes som vi sørgjer for ein desentralisert mjølkeproduksjon, vil sikre grunnlaget for mjølkeproduksjon i mange år framover.

Anders Felde

– VERRE FOR DISTRIKTA: Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag.

Foto: Marita Skeie / Sogn og Fjordane Bondelag

– Heilt håplaust

Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag meiner forslaget vil gjere det vanskelegare å drive landbruk i distrikta.

– Dette forslaget er heilt håplaust, for å seie det rett ut. Dersom vi får færre område er det somme som vil vere sterkare og vil betale meir for mjølka. Då vil mjølka samle seg i andre område. Dette er ingen gode ide, seier Felde.

Felde får støtte av fylkesleiar i bonde- og småbrukarlaget, Magnar Juklestad.

– No vil mjølkeproduksjonen kome på dei store bruka på Vestlandet som har dei beste vilkåra. Då vil utkanten i Sogn og Fjordane bli taparen.

Magnar Juklestad

– UTKANTANE TAPER: Fylkesleiar Magnar Juklestad i bonde- og småbrukarlaget.

Foto: Bård Siem (MMS) / NRK

Ikkje støtte frå KrF

Regjeringa sitt støtteparti KrF har allereie sagt at dei ikkje støttar forslaget, men landbruksministeren meiner det kan snu.

– Når vi får jobba vidare med dette, trur eg vi skal greie å vise både jordbruket og samarbeidspartia våre på Stortinget at det er fullt mogeleg å både oppnå større fleksibilitet, men også hindre at mjølkeproduksjonen flyttar til flatbygdene, seier Jon Georg Dale.