Hopp til innhold

Flora Arbeidarparti vil ikkje ha oljeleiting i nord

Årsmøtet i Flora Arbeidarparti ber fylkesårsmøtet i partiet seie nei til oljeleiting i Lofoten/Vesterålen.

Fiskebåter utenfor Vesterålen

VIL LEITE: Regjeringa vurderer å opne for oljeutbygging i Lofoten/Vesterålen.

Foto: Stein Inge Pedersen / NRK

Petroleumslova pålegg oljeselskap å ta distriktspolitiske omsyn, men når Statoil får sjå bort frå det i Florø, kan dei lett gjere det også i Lofoten, fryktar Ola Teigen, leiar i Florø arbeidarlag.

I Florø har Statoil bestemt seg for å byggje ned verksemda si på oljebasen .

– Skal ein opne for ei utbygging i Lofoten/Vesterålen, så må det vere ei utbygging som er lokalt ynskt og som gir ringverknader lokalt. Vi kan ikkje sjå at det kjem til å skje med den praksis som no er lagt opp til. Her er det berre lønnsemda Statsråden snakkar om, seier han.

Vil betre lønnsemda

Resolusjonen frå årsmøtet i Flora Arbeidarparti peikar på at kring ein tredjedel av oljeaktiviteten i Nordsjøen er utanfor Sogn og Fjordane, medan berre 1,3 prosent av sysselsettinga er i vårt fylke.

– Statoil si nedtrapping av forsyningslinene mellom Nordsjøen og Florø er nok eit prov på at petroleumslova ikkje vert oppfylt. Det betyr at det viktigaste argumentet for olje- og gassutvinning fell vekk og dermed trumfar miljøargumenta i spørsmålet om utbygging av felt i Lofoten og Vesterålen, skriv lokallaget i resolusjonen.

Tord Lien (Frp)

STATSRÅD: Tord Lien er oljeminister.

Foto: Siv Sandvik / NRK

I Stortinget sist veke sa oljeminister Tord Lien (Frp) at det viktigaste for oljeselskapa er å ha mest mogeleg lønsam drift. Noko som vil komme heile landet til gode – også distrikta.

– Eg er oppteken av at vi tener mest mogleg på kvart fat og kubikkmeter, samstundes som at alle lønnsame ressursar blir utnytta, sa Lien.

Langsiktig forvalting

Ola Teigen

NEI: Ola Teigen og Flora Arbeidarparti vil seie nei til oljeleiting i Lofoten/Vesterålen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Av dette tolkar Teigen at oljeselskapa sjølve skal bestemme korleis dei skal forvalte olje- og gassressursane.

– Då ser vi at det er dei eksisterande basane og dei store miljøa som truleg kjem sigrande ut av den kampen. Lofoten og Vesterålen vil sitje att med svarteper, slik som skjer i Florø no, seier han og vil at petroleumsressursane skal forvaltast i eit langsiktig perspektiv slik at sikrar landet inntekter og innbyggjarane velferd, sysselsetjing og betre miljø.

Trur på støtte

Fylkessekretæren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti seier at det enno ikkje er teke noko avgjerd om korleis fråsegna frå Flora bli handsama i samband med årsmøtet midt i mars.

Landsmøte i Arbeidarpartiet har tidlegare sagt ja til konsekvensutgreiing av Lofoten/Vesterålen. Men det ønskjer Flora å endre. Teigen trur på støtte frå fylkesårsmøtet.

– Det trur eg vil gå greitt, for irritasjonen over forvaltningspraksisen som statsråden legg opp til no er ganske stor i heile fylket, seier han.