Det syner ein rapport som fylkeskommunen har fått utarbeid av PricewaterhouseCoopers. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier dette er svært alvorleg.
– Denne rapporten stadfestar det som hovudrapporten tidlegare i år sa, at dette er veldig alvorleg og vil gjelde mange årsverk i Flora og regionen.
Store ringverknader
Statoil har alt vedteke å flytte mesteparten av forsyningsaktiviteten sin frå Florø til Mongstad. I sommar blei det lagt fram ein rapport som viser at 250 arbeidsplassar kunne forsvinne. Dei i 150 årsverka i den siste rapporten er færre enn det ein har frykta tidlegare, men Kjelsnes seier det framleis er svært mange arbeidsplassar det er snakk om.
– Vi snakkar om 150 arbeidsplassar innan primærleverandørane, dei som er direkte råka og som vi kan talfeste. Talet på arbeidsplassar som blir borte bli langt høgare dersom ein også reknar inn effekten for blant anna underleverandørar og anna næringsliv i Florø.
- LES OGSÅ:
Kjelsnes seier at det er snakk om tre-fire gonger så mange som indirekte blir ramma om aktivitet forsvinn frå Florø.
– Det er mange arbeidsplassar i eit sårbart samfunn. Dette kan føre til at Flora blir mindre attraktiv og at det blir vanskeleg å få nyetablerarar til området.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil følge saka vidare
Olje- og energidepartementet har allereie sagt at dei ikkje har avdekka forhold som gjer at Statoil si avgjerd krev involvering frå styresmaktene si side, og at dei ikkje vil overprøve Statoil si nedbygging i Florø.
Departementet konkluderer dermed at nedbygginga ikkje bryt med konsesjonsvilkåra til Statoil, noko svært mange politikarar er usamde i.
Tysdag møtte stortingsbenken frå Sogn og Fjordane olje- og energiminister Tord Lien (Frp). Dei ville be regjeringa nytte styringsretten i samband med at Statoil vil flytte mesteparten av forsyningsaktiviteten sin frå Florø til Mongstad. Men ifølgje Ingrid Heggø (Ap) som var med på møtet, vil ikkje statsråden gjere noko.
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier at ho skal be om å få tilsendt dokumentasjon for å sjå kva som står i godkjenningsbreva.
– Eg skal sjå på om det verkeleg er slik at konsesjonar skal ha så liten vekt som det her blir lagt opp til. Det er prinsipielt og vil betyr noko langt utover denne saka, seier ho.