Hopp til innhold

Vil registrere utanlandske sjåførar

Arbeidarpartiet vil innføre eit eige register for utanlandske sjåførar av tungtransport. – Det er ein del useriøse aktørar ute å går, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Statens vegvesen har utekontroll på trafikkstasjonen i Førde

STRAMMAR GREPET: Vegvesenet kontrollerer tusenvis av vogntogførar kvart år. No risikerer utanlandske vogntogsjåførar å bli kasta ut av landet dersom dei blir tekne for grove lovbrot langs norske vegar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Målet med registeret er å få bukt med sosial dumping, og gjere norske vegar tryggare.

– Dette gjer vi for å luke ut dei useriøse aktørane. Det går på både tryggleik og lønsvilkår. Når det går ut over kvile- og arbeidstid, er det rett og slett farleg, seier Heggø.

Kan bli kasta ut av landet

Ingrid Heggø

VIL HA EIGE REGISTER: Ingrid Heggø (Ap) håpar at eit register etter ein modell frå Danmark, skal få bukt sosial dumping.

Foto: Privat

Tidlegare denne veka skreiv NRK om at utanlandske sjåførar no risikerer å bli kasta ut av Norge i minst to år, viss dei blir tekne for grove lovbrot langs norske vegar.

Hittil i år er minst to sjåførar utvist frå landet.

– Det er veldig bra at ein statuerer eit døme. Dette går på tryggleiken for oss alle, seier Heggø.

– Vi ser at det er ein del useriøse aktørar ute å går. For det første tek dei arbeidsplassar frå nordmenn. Dessutan er det mange som ikkje overheld kvile- og arbeidstid og lønsvilkår, seier Heggø.

Liknande ordningar som registeret Ap no ønskjer å innføre, er allereie innført i Danmark, der det skal vere enklare for danske styresmakter å føre tilsyn ved utanlandske verksemder og deira tilsette.

– Dette har vore svært vellukka i Danmark, og det trur vi det vil vere her også, seier Heggø.

– Må ta sterkare grep

Framlegget frå Arbeidarpartiet kjem saman med håndhevingsdirektivet som skal styrke handhevinga av reglar for utstasjonerte arbeidarar frå EØS. Ein av bransjane som skal vere i særskild fokus, er transportnæringa.

Heggø seier ordninga vil gå på både den enkelte sjåfør, og på verksemda bak.

– Ein tek både sjåføren som er ansvarleg, men også bedrifta.

– Kan det vere at bedrifter berre tilsett andre sjåførar som køyrer under dei same, uansvarlege forholda?

– Ja, viss ein berre tek sjåførane kan dette skje. No blir også firmaet råka.

Heggø seier at om alle partia i opposisjonen stemmer samla er det realistisk å få det innført.

– Vi konstaterer at dei borgarlege partia stemmer imot framlegget vårt, men næringslivet fortener å bli høyrt i desse spørsmåla. Det er på tide at vi tek sterkare grep mot sosial dumping, og vi er klar for å ta kampen, seier Heggø.