Hopp til innhold

Slik strammar dei grepet om juksemakarane

Utanlandske sjåførar som blir tekne for grove lovbrot langs norske vegar risikerer å bli kasta ut av landet i minst to år. Håpet er at den knallharde straffa skremmer andre til å køyre lovlydig.

Statens vegvesen har utekontroll på trafikkstasjonen i Førde

FÅR IKKJE BUKT MED JUKSET: Vegvesenet kontrollerer tusenvis av vogntogførar kvart år. Trass den massive kontrollverksemda har dei ikkje fått bukt med juks og lovbrot blant norske og utanlandske sjåførar.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dette er drastisk. Men det er i dei alvorlege tilfella der det er fare for gjentaking og der lovbrota fører til ein risiko for andre vegfarande, at ein ønskjer å setje foten ned på denne måten, seier seksjonsleiar for køyretøy i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal, i Statens vegvesen.

Denne veka kom det andre utvisingsvedtaket på under to månader etter kontrollar i Sogn og Fjordane. Ein tysk vogntogsjåfør vart søndag stoppa på Håbakken i Lærdal der kontrollørane avslørte grove brot på reglane for køyre- og kviletid.

Saka vart først meld til politiet som vurderte lovbrota som så alvorlege at dei førebudde ei utvisingssak. Denne sende dei vidare til Utlendingsdirektoratet (UDI). Etter utlendingslova sin paragraf 122 fatta UDI onsdag vedtak om å utvise han i to år.

I januar fekk ein polsk førar som vart stoppa i Hornindal same beskjed. Det har også vore liknande utvisingssaker andre stader i landet.

– Vi meiner dette gir eit klart signal om at vi ikkje ønskjer trøytte sjåførar som ikkje følgjer reglane på norske vegar, seier politiadvokat Merete Sundal i Vest politidistrikt.

Vil ha meir rettferdig konkurranse

Thormod Gausdal

NØDVENDIG: – Dette er ei erkjenning frå styresmaktene om at ein ser at dette utviklar seg i feil retning, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Foto: Anna Gytri / NRK
Camilla Torgersen, UDI

FARE I TRAFIKKEN: Camilla Torgersen i UDI seier det sentrale for dei er å betre langtransportsjåførane sitt arbeidsmiljø, sikre like konkurransevilkår og auke trafikktryggleiken.

Foto: NRK

Thormod Gausdal har jobba med kontrollar i tungbilbransjen i snart 40 år. På nært hald ser han korleis sjåførar og firma bevisst juksar for å snike seg unna reglane for blant anna køyre- og kviletid.

Sjåførar med falske førarkort, sjåførar med fleire sjåførkort som gjer at dei kan unngå å kvile, og bruk av magnetar for å manipulere fartsskrivaren er lovbrot Vegvesenet sine folk ser stadig vekk.

– Vi må setje alle klutar til for å få dette inn i lovlege og trygge former.

I ein e-post skriv områdeleiar i Oppholdsavdelinga i UDI, Camilla Torgersen, at alvorlege brot på reglane for køyre- og kviletid kan danne grunnlag for utvising.

– Grove brot på reglane utgjer ei fare for trafikktryggleiken og har betydeleg farepotensial ved at førarar av tunge køyretøy blir søvnige eller sovnar bak rattet. Brota kan også verke konkurransevridande sidan sjåførane ikkje held seg til norske reglar og difor vil kunne utføre jobben raskare enn sjåførar som følgjer reglane, seier Torgersen.

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

DOKUMENTERER ALVORET: Vegvesenet sine utekontrollørar vil framover bruke endå meir ressursar på å skildre risikomomenta ved dei grovaste lovbrota dei oppdagar langs vegane. Tanken er at dette kan gjere det lettare for politiet å førebu utvisingssaker.

Foto: Anna Gytri / NRK

Håpar ryktet går

Vegvesenet og politiet vil framover samarbeide endå tettare i saker der utanlandske vogntogsjåførar bryt reglane. Gausdal forventar at det gir resultat.

– Eg er redd det kan bli fleire utvisingssaker fram til denne praksisen blir kjent i miljøet. Då håpar eg sjåførane tenkjer seg om, slik at vi kan få vekk dei som bevisst bryt lova.

– Utvisingar gir eit signal til andre sjåførar om å følgje regelverket, seier politiadvokat Sundal.