Hopp til innhold

Vil oppretthalde klassar i Førde og Måløy

Skulepolitikarane ber fylkestinget leggje pengar på bordet slik at ein slepp å kutte klassar ved vidaregåande skular i Førde og Måløy.

Hafstad vidaregåande skule

VIL HA FIRE KLASSAR: Etter alt å døme blir det fire klassar i VG2 studiespesialisering på Hafstad vidaregåande også frå komande haust.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

Konstituert rektor ved Hafstad vidaregåande skule, Inger Karin Oppedal, er svært glad for tilrådinga.

– Det betyr veldig mykje, og vi er først og fremst veldig glad på elevane sine vegner. Det ville fått ganske store konsekvensar for oss om dei hadde støtta fylkesrådmannen sitt framlegg, seier ho.

Ber Fylkestinget om finansiering

Eit samla opplæringsutval står bak tilrådinga, der spørsmålet om ein klasse med studiespesialisering på Hafstad vidaregåande og ein klasse byggteknikk ved Måløy vidaregåande, har vore mest omdiskutert.

– Det handlar i utgangspunktet om at det er snakk om ganske mange elevar. Vi har høyrt på argumenta som har kome om at dei bør få halde fram på Hafstad. Vi har vald å imøtekome ønskja, men vi må altså be fylkestinget om å finansiere det, sidan vi sjølv ikkje har moglegheita innanfor dei rammene vi har, seier leiar i opplæringsutvalet i fylkeskommunen, Karianne Torvanger (Ap).

Saka går no vidare til fylkesutvalet og deretter til fylkestinget for endeleg avgjerd. Skal dei to klassane bli starta opp til hausten må Fylkestinget leggje 1,3 millionar kroner ekstra på bordet.

– Eg reknar med at alle partia som sit i hovudutvalet jobbar inn mot sine representantar i fylkestinget. Dette er ei komplisert sak, og så ser vi at søkjartala til VG1 er mykje høgare enn vi forventa. At vi har meir elevar må alle sjå på som veldig positivt, seier Torvanger.

– Ville fått store konsekvensar

Fordi framlegget frå fylkesrådmannen vart kjent rett før påska er det få av elevane som har fått med seg kva som var i ferd med å kunne skje. Men dei tilsette har vore uroa.

– Det ville vore 19 elevar som ikkje fekk halde fram på skulen, og som måtte flytte til andre skular og kanskje flytte på hybel. Då er det jo dei svakaste elevane som må flytte på seg, og dei er kanskje også mest sårbare i høve til å kunne dette ut av vidaregåande opplæring, seier Oppedal.

I tillegg ville dei mista noko av breidda i fagtilbodet, ifølgje Oppedal. Ho er ikkje uroa for at Fylkestinget skal vurdere saka annleis enn opplæringsutvalet.

– No såg eg at det var samrøystes vedtak i hovudutvalet for opplæring, så då har eg god tru på at det skal gå gjennom i Fylkestinget også.