Hopp til innhold

Ønskjer storutbygging av Førdehuset

FØRDE (NRK): Dersom politikarane finn pengane, vil Førdehuset bli bygd ut for over 200 millionar kroner.

Førde Arena

SLIK KAN DET BLI: Den gamle dele av Førdehuset bakerst i bilete. I framgrunnen ligg det planlagde Førde Arena.

Foto: NorConsult/arki

– Vi har greidd ut eit konsept med arenabygg og utviding av symjehallen, fortel Lars Vegsund som er avdelingsleiar i Norconsult og leiar i anleggsutvalet i Førde idrettslag.

I januar blei det gjennomført eit kartleggingsmøte for kva behov dei ulike idrettsgruppene i Førde har. I ettertid har Norconsult laga eit forslag til korleis ein ny fleirbrukshall kan sjå ut.

– Om planane blir følgde, kjem det ein fleiridrettshall som også er eit anlegg for arrangementsidrett. Både volleyball og handball får oppfylt dei internasjonale krava, seier han.

Stort press på turn og symjing

Dei har også teikna inn eit innandørs friidrettsanlegg med 200-meters løpebane, og eit 60- metersanlegg i midten med åtte banar.

– Utover dette er det tribune- og garderobefasilitetar. Vi satsar også på ein basishall for turn på 800 kvadratmeter med fastmonterte apparat.

Han seier det er stor pågang med born som ønskjer å turne, og turngruppa har no 200 unge på venteliste.

– Vi har også eit symjemiljø som kunne hatt meir aktivitet om det var meir kapasitet. Og klatremiljøet opplever også stor pågang og treng meir plass. Difor har vi teikna inn eit eige, lukka klatreanlegg med buldresal integrert.

Utbygging av Førdehuset

PLANANE: Det kvite området er dagens Førdehuset. Det farga området viser korleis utbygginga kan bli.

Foto: Norconsult

Satsar på nyskapande område

Vegsund seier at sjølv om det finns fleirbrukshallar i Sunnfjord, manglar regionen eit arrangementsanlegg.

– Vi har heller ikkje noko anlegg for der vi opplever press på kapasiteten, som turn og symjing. Vi satsar også på eit familiefokus, for i sonene som oppstår mellom dei forskjellige anleggsdelane, vil vi få inn nyskapande aktivitetsområde.

Utbygginga er tenkt på vestsida av Førdehuset og er på i underkant av 12.000 kvadratmeter. Planane så lang er det Førde idrettslag og Førde Industri- og Næringssamskipnad som har betalt for.

– Men vi har tett dialog med Førde idrettsråd som er ein del av kommunen. Med den symjehallen som er i dag, er det ikkje nok kapasitet når storkommunen er på plass. Det vil bli stort press når fleire skulekretsar kjem til.

– Kva kjem dette til å koste?

– Det er gjort ein kalkyle og her snakkar vi om utan moms når det er snakk om idrettsanlegg i kommunal regi. Utvidinga av symjehallen vil koste rundt 80 millionar kroner. For areneanlegget reknar vi med 158 millionar kroner.

Illustrasjon Førdehuset

STOR UTBYGGING: Utbygginga er tenkt på vestsida av Førdehuset og er på i underkant av 12.000 kvadratmeter.

Foto: Illustrasjon: Arki

Trur anlegget kjem

No er det opp til politikarane å bestemme kva som skjer vidare.

– Dei har nok behov for å sjå på Førde som ein attraktiv stad, slik at folk vil bu her og flyttar hit.

Han trur at frå ei avgjerd er teken og til bygget kan stå klart, vil det ta eit par år. Vegsund er i alle fall optimistisk.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar. Eg trur vi har gjort nokre rette grep ved ikkje å utfordre arkitekturen i Førdehuset. Vi har teke innover oss at mange ser på bygningen som eit landemerke som dei ønskjer å bevare.

Utbygging Førdehuset

FASADEN: Det er lagt vekt på å bevare den gamle delen av Førdehuset, som for mange er eit landemerke.

Foto: Norconsult