NRK Meny
Normal

Vil legge ned Fureneset

Styret i Bioforsk har i dag gått inn for å legge ned forskingsstasjonen på Fureneset i Fjaler, og forskingsstasjonane på Holt og Løken.

Bioforsk Vest Fureneset

KAN BLI LAGT NED: Forskingsstasjonen til Bioforsk på Fureneset i Fjaler.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi er nøydde til å gjere noko i forhold til dei utfordringane vi har med økonomien, seier styreleiar Stig Fossum.

Bioforsk driv i dag ei rekke forskingsstasjonar over heile landet. I lengre tid har det vore jobba med ei samanslåing av Bioforsk Norsk Institutt landbruksforsking og Norsk Institutt for skog og landskap. Tysdag ettermiddag var dette tema for styret i Bioforsk.

Foreslår å legge ned tre stasjonar

Stig Fossum, direktør, Universitetet i Nordland

TILRÅR Å LEGGE NED FORSKINGSSTASJONAR: Stig Fossum er styreleiar i Bioforsk.

Foto: Ola Helness

– Bioforsk har dei siste åra gått med underskot, samstundes har det nye instituttet som vi skal fusjonerast inn frå 7. juni svært ambisiøse mål. Difor er det viktig å ordne økonomien på ein slik måte at blant anna investere. Difor foreslår vi i dag å legge ned tre stasjonar.

Det er Fureneset i Fjaler, Holt i Tromsø og Løken i Heggenes.

Sterke reaksjonar

I Sogn og Fjordane har reaksjonane vore sterke på at forskingsstasjonen på Furneset er føreslegen lagt ned.

Anders Felde

KJEMPAR MOT NEDLEGGING: Anders Felde er fylkesleiar i Bondelaget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi treng forskingsstasjonar som tek utgangspunkt i dei stadeigne føresetnadane vi har for å drive landbruk på vestlandet, seier Anders Felde som er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Forskingsstasjonen på Furneset har sidan slutten av 70-talet utvikla og testa grassortar som skal vere godt eigna for Vestlandsklimaet. Difor fryktar Felde og hans yrkesbrør konsekvensane av ei eventuell nedlegging.

– Er er det vått og eit anna klima enn i resten av landet, så vi treng eit forskingsmiljø som tek utgangspunkt i våre utfordringar.

Forstår uroa

– Eg forstår reaksjonane. Det kjem alltid reaksjonar når ein diskuterer strukturar og kva ein skal behalde i dei ulike regionane. No meiner vi at det skal vere råd å ta vare ein del av den forskinga og den faglege kompetansen som er i regionen i dag.

No skal saka vidare til interimsstyret for det nye Instituttet som handsame saka 23. mars, før det går til Landbruks- og matdepartementet.

Gir ikkje opp kampen

I Sogn og Fjordane vil ikkje Bondelaget gi opp kampen for forskingsstasjonen.

– Dette kjem til å bli eit tema når vi i neste veke skal møte Stortingsbenken i Hordaland og Sogn og Fjordane.