Hopp til innhold

Helse Førde vil kutte i tilbodet til psykisk sjuke born og unge

Dramatiske innsparingar står for døra i barne- og ungdomspsykiatrien i fylket.

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch

FØRESLER KUTT: Helse Førde vil kutte i tilbodet til psykisk sjuke born og unge, det stadfestar direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Helse Førde vil nemleg kutte 5,1 millionar kroner i det alt knappe budsjettet. Mellom anna vurderer dei å leggje ned Familiehuset, noko som har vore eit viktig lågterskeltilbod til familiar i fylket gjennom mange år.

– Dette er eit av tiltaka vi vurderer for å klare å halde oss innafor budsjettet, seier direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch.

Vil fjerne avdeling og kutte stillingar

Helse Førde vil spare pengar og vil kutte hardt i tilbodet til barn og unge som slit med psykiske problem.

Innsparingane er dramatiske og dersom kuttforslaga vert vedteke vil det særleg råke tilbodet til pasientar i Sunnfjord og Sogn og som er knytt til Førde barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).

I tillegg til å leggje ned den heilt spesielle avdelinga Familiehuset, er det også aktuelt å kutte minst åtte stillingar.

– Vi skal spare pengar på BUP-feltet. Her, som i vaksenpsykiatrien, er mesteparten av budsjettrammene løn. Større innsparingar vil difor også måtte gå utover stillingar, seier Reusch.

Fryktar konsekvensane

NRK kjenner til at kuttforslaga har vekt sterke reaksjonar blant dei tilsette i barne- og ungdomspsykiatrien.

Fleire NRK har vore i kontakt med fryktar at så store kutt vil gå direkte utover ei av dei svakaste pasientgruppene.

Kapasiteten ved dei tre politiklinikkane for born og unge med psykiske problem er i dag sprengt, og ventetid blir neppe kortare om ein gjennomfører kutt på over fem millionar kroner.

– Dette er fagleg forsvarleg

Direktøren for psykisk helsevern, meiner likevel at det ikkje er uforsvarleg å kutte tilbod og tal stillingar.

– Vi kan ikkje leggje opp til endringar som vil gjere tilbodet vårt fagleg uforsvarleg. Vi meiner alle forslag og det som vil bli vedteke, når den tid kjem, skal vere fundert på ei fagleg vurdering på at dette er forsvarleg. Pasientane skal framleis ha ei god behandling, seier Reusch.