Hopp til innhold

Born må stå i kø for å få hjelp

Psykisk sjuke born må vente for lenge på hjelp. Helsetilsynet meiner brota er alvorlege, og krev at Helse Førde ordnar opp innan 1. april.

Ungdomsavdelinga for psykiatrisk helsevern

LANG VENTETID: Helsetilsynet meiner det går for lang tid før barn og unge får hjelp.

Foto: Steinar Lote / NRK

Helsetilsynet kjem no med skarp kritikk av Helse Førde fordi psykisk sjuke barn og unge må vente for lenge på hjelp.

Under eit besøk i haust, fann Helsetilsynet ut at helseføretaket ikkje held tidsfristane, og at pasientane heller ikkje fekk god nok informasjon om kva rettar dei har.

I følgje lova skal ingen barn og unge måtte vente lenger enn 65 dagar før dei får behandling.

Born kan få langvarige skader

Astrid Gytri

KRITISK: Astrid Gytri i LPP krev at alle barn og unge får hjelp.

Foto: NRK

- For eit barn som er psykisk sjuk, så har det å bli gåande utan behandling store konsekvensar. Det seier Astrid Gytri i Landsforeininga for pårørande innan psykiatri.

Ho peikar på at born som ikkje får hjelp til å takle kvardagen, etter kvart kan få problem på skulen og dreg med seg problema i lang tid.

– Eit barn som må må vente for lenge på hjelp er eit for mykje, meiner Gytri.

Born har krav på hjelp

Helsetilsynet ser alvorleg på lovbrota og krev at Helse Førde rydde opp innan 1. april.

- Dei kan ikkje ha slike fristbrot, målet må vere at alle barn og unge får behandling når dei har krav på det, seier Anne Eli Vangen i Helsetilsynet.

Skal rydde opp

Ole Christian Reusch

MÅ SVARE: Direktør Ole Christian Reush lovar å rydde opp.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

- Det er mange grunnar til at barn og unge ikkje får hjelp når dei skal. Det seier Ole Christian Reush, som er direktør for Psykisk Helsevern ved Helse Førde.

Han seier at dei no har sett i verk tiltak, og at ingen må vente for lenge på hjelp i dag. Målet er å halde seg på dette nivået også framover, seier Reuch.