NRK Meny
Normal

Vil kjempe mot ny postlov som gir dårleg tilbod

Distrikta vil få eit dårlegare tilbod når ny postlov blir innført. Det fryktar tillitsvalde i Posten, som er lite lystne på dei varsla endringane.

Terje Nordgulen

UROA: Postmann Terje Nordgulen trur spesielt innbyggjarane i distrikta vil få dårlegare posttenester dersom ny postlov blir vedteken.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi fryktar for framtida og for trafikken. Vi ser at vi får meir konkurranse frå internett og anna ny teknologi. Det har vi tid til omstille oss til, men dersom EU-direktivet kjem då er det kroken på døra, seier tillitsvald Terje Nordgulen i Sogn og Sunnfjord.

Vil råke distrikta hardast

Den føreslåtte postlova er ein del av EU sitt tredje postdirektiv. Det inneheld mellom anna forslag om å kutte postombering på laurdagar. Og å opne for fri konkurranse om brev under 50 gram. Postmann Nordgulen er ikkje åleine om si frykt. Forbundsleiar Odd Christian Øverland i LO-forbundet Postkom har nesten 20 000 medlemmar i ryggen.

– Det er særleg distrikta som vil få negative konsekvensar. Enten med dyrare posttenester eller dårlegare service, kvalitet og lenger sendetid. Truleg blir det ein kombinasjon av desse, seier Øverland.

Høyringsfristen er 26. januar. Fleire kommunar og fylkesting har allereie protestert. Ikkje berre på lova i seg sjølv, men også på den knappe tida. Fylkestinget i Troms påpeikar at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM), tidlegare kjent som Post- og teletilsynet, er i gong med å greie ut konsekvensane i den nye lova. Desse svara kjem om lag tre veker etter at høyringsfristen er ute.

– Det ville vore naturleg å utsett øyringsfristen, for vi må ha fakta på bordet. Å få det etter høyringa er litt bakvendt, seier postmann Nordgulen i Sogn.

Sunt med konkurranse

Regjeringa ynskjer å innføre lova slik at det blir fri og open konkurranse om tenestene også i denne marknaden. Og trass i kritikk er det uaktuelt for regjeringa å utvide høyringsfristen.

Politisk rådgiver Reynir Jóhannesson

SUNT: Konkurranse er bra for kundane, og postmarkanden treng meir framtidsretta lovverk, meiner regjeringa og politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, Reynir Jóhanneson, frå Framstegspartiet.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

– Vi meiner vi har meir enn nok kunnskap, og det har vore fem-seks utgreiingar allereie. Vi er trygge på at alle delar av saka er opplyste, seier politisk rådgjevar Reynir Jóhannesson for Frp i samferdselsdepartementet.

Han held fram at konkurranse er sunt og at også postmarknaden treng eit framtidsretta regelverk.

Manar til kamp

Slaget vil til slutt stå i Stortinget. Den raudgrøne regjeringa forkasta i si tid postdirektivet, etter sterkt press frå Senterpartiet og SV. Men no står altså det same forslaget på trappene igjen. Postmann Nordgulen manar lokalpolitikarane til kamp.

– Mi oppmoding er å stå samla, og at ein går til sine politikarar i Stortinget uansett farge og seier at dette er distriktsfiendtleg.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser