NRK Meny
Normal

No vil ordføraren kaste Nødseth frå politisk verv - kallar inn til ekstraordinært møte

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) i Flora har i dag kalla inn til ekstraordinært bystyremøte for å få kasta partikollega Jacob Nødseth frå vervet som leiar i helse- og sosial utvalet.

Nødseth Solheim-Olsen

I eit pressemelding som gjekk ut no i ettermiddag, skriv ordføraren at han vil be bystyret foreta ei omorganisering av helse- og sosialutvalet ved å endre samansettinga av medlemer.

I klartekst betyr det at konflikten mellom ordføraren, rådmannen og Jacob Nødseth no har kome så langt at det er uhaldbart for den politiske leiinga i kommunen at Nødseth held fram i vervet.

– Uro, konflikt, mistillit

– Helse- og sosialutvalet i Flora Kommune er i dag eit utval som ikkje fungerer slik det bør gjere. Det er prega av uro, konflikt, mistillit og usikkerhet i ein slik grad at det går utover det politiske arbeidet, skriv Solheim-Olsen i pressemeldinga.

Han hevdar at fleire medlemmar har i perioden bedt om å få tre ut av utvalet, og fleire av dagens medlemer har signalisert at dei ynskjer å stille plassane sine til disposisjon.

– Omorganisering

– Det er viktig at arbeidsmiljøet i og rundt utvala fungerer tilfredsstillande, spesielt i forholdet mellom politikk og administrasjon. Slik er det dessverre ikkje i dag, og ordføraren ber derfor bystyret foreta ein omorganisering av utvalet ved å endre samansettinga av medlemer, heiter det i pressemeldinga.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå ordføraren utover det som står i pressemeldinga, utan å lukkast førebels.

Nødseth ikkje orientert

Jacob Nødseth var ikkje orientert verken om pressemeldinga eller det ekstraordinære bystyremøtet då NRK snakka med han litt før 15.30 i dag.

Han reagerer sterkt, og sler fast at han ikkje vil trekkje seg frivillig frå vervet som utvalsleiar.

Dette var heilt nytt for meg før eg då blir oppringd frå NRK og blir opplyst om dette. Eg ser det blir peika på at helse – og sosialutvalet ikkje fungerer. Eg opplever tvert imot at utvalet er eit utval der det blir gitt rom for at vi er både sakleg politisk usamde og har gjensidig respekt for kvarandre, og kan ha det hyggeleg medlemene imellom, seier Nødseth.

Kritisk til andre utval

Han hevdar at helse- og sosialutvalet snarare er eit utval som sikrar eit breitt politisk fleirtal kring dei viktige sakene dei har jobba med i kommunen.

– I motsetning til fleire andre utval i kommunen som er prega av konflikt og dårleg personkjemi. Helse- og sosialutvalet fungerer godt, og eg forstår jo etterkvart at det er nokon som ikkje likar det, seier Nødseth.

Saka vert oppdatert!

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast