NRK Meny

Vil innføre kjærleiksgaranti

– Det bør innførast ei ordning der gamle og sjuke ektefellar, der den eine er på institusjon, får møte kvarandre så ofte som mogleg. Det sa Trude Brosvik (KrF) i fylkestinget i dag. Ho meiner fylkeskommunen kan vere med og finansiere ei transportordning, slik at ektefellar får treffast så ofte som mogleg. Brosvik vil kalle ordninga «kjærleiksgaranti». Om Brosvik vil få fleirtal for ei slik ordning, er så langt uvisst.

Trude Brosvik
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK