Hopp til innhold

Trur på vekst - men vil ikkje vekse for fort

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane har stort potensial for vekst. Men det er ikkje noko poeng i å vekse for fort.

Øyvind Kråkås om vekstpotensialet i oppdrettsnæringa

STORT VEKSTPOTENSIAL: Øyvind Kråkås i Salmon Group meiner oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane kan bli større i åra framover.

Foto: Montasje: Salmon Group/NTB/Scanpix/Gorm Kallestad

Det seier Øyvind Kråkås som er informasjonsmedarbeidar i Salmon Group. Det er verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap.

Kråkås gler seg stort over rapporten som viser at oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane gir arbeid til over 700 personar. I 2012 skapte næringa verdiar for 1,1 milliardar kroner, men dette var eit år med låge prisar. I 2013 er verdiskapinga venta å vere heile 1,5 milliardar kroner.

Kråkås har god tru på at desse tala vil gå opp i åra framover.

– Eg trur næringa i Sogn og Fjordane har stort potensial. Mellom anna fordi vi har ein forholdsvis liten produksjon her, samanlikna med nabofylka våre i forhold til det store sjøarealet vi har. Så her er det potensial for vekst, seier han.

– Skapar stor verdiskaping

Johannes Idsø

OVERRASKA: Johannes Idsø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vart overraska over kor mykje av innkjøpa oppdrettsnæringa gjer med lokale bedrifter.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Rapporten om verdiskapinga oppdrettsnæringa skapar i Sogn og Fjordane er laga av Høgskulen i Sogn og Fjordane, på oppdrag for fylkeskommunen. Førstelektor Johannes Idsø seier han er overraska over dei høge tala.

– Oppdrettsnæringa er ei av dei nødvendige næringane om vi skal halde oppe busetnaden i fylket, seier han om den til dels utskjelte næringa.

I tillegg viser rapporten at næringa gjer store delar av innkjøpa sine frå lokale bedrifter, og såleis skapar verdiar også for lokalsamfunna.

Difor er produksjonen lågare

Øyvind Kråkås i Salmon Group meiner rapporten stadfestar det næringa sjølv har hevda lenge.

– Næringa skapar ringverknadar som går langt utover den reine lakseproduksjonen og er viktig for Sogn og Fjordane, seier han.

Årsaka til at nabofylka våre framleis har større produksjon er samansett, seier Kråkås. Men vern av område er ei viktig forklaring.

– Sogn og Fjordane er eit fylke som er omfatta av mykje vern, Vi har til dømes verna laksefjordar og vern av sjøfugl, noko som gjer at det er store område som ikkje blir nytta til oppdrettsaktivitet, seier han.

Vil ikkje vekse for fort

Hypotetisk sett kunne ein truleg ha dobla oppdrettsproduksjonen i fylket på kort tid meiner Kråkås.

– Men det er ikkje nødvendigvis målet. Vi er nøgde med måten næringa er organisert i fylket, noko som gjer at vi har ei god og velfungerande næring.

– Veksttakten bør vere meir avpassa, og vi har eit stort potensial til å vekse jamt framover, seier Kråkås.

Fleire utfordringar

Rømming frå merdane og lakselus er noko næringa framleis slit med å få heilt bukt med. Kråkås seier dette er problemstillingar dei må ha fokus på til ei kvar tid.

– Det blir gjort arbeid på desse felta kvar einaste dag ute på anlegga, seier han.

Ei anna utfordring for næringa er færre og større selskap. Dette er ein trend ein har sett meir av på landsbasis og Kråkås håpar ein kan unngå det i Sogn og Fjordane. Også i tida framover.

– Ein har stått imot lenge i Sogn og Fjordane og det er mange år sidan det var gjort sal av oppdrettsverksemder frå lokale aktørar til større selskap, seier Kråkås.

– Fleire ser at vi bør satse

Han meiner dette er ein situasjon både forvaltning og politikarar må følgje nøye med på. Han ser nemleg store fordelar med å halde på strukturen med mange små, og ikkje få store selskap.

– Først og fremst er dette ein fordel fordi lokale eigarar sit som ein del av sine lokalsamfunn og kjenner ansvaret dei har på kroppen. Dei møter sine naboar kvar dag og deltek i lokalsamfunna som ressurspersonar, seier han.

I dag er det 722 personar knytte til oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane, og næringa har dei siste åra skapt verdiar for over ein milliard kroner.

Kråkås er trygg på at næringa vil vekse.

– Eg føler vi er ein fase der fleire og fleire ser at vi bør satse på næringa som fiskeoppdrett i eit fylke som har dei sjøressursane som Sogn og Fjordane har, seier han.