Naturvernforbundet krev strengare straff ved rømmingar

Naturvernforbundet meiner oppdrettarane slepp for billeg unna når fisk rømmer frå oppdrettsanlegga.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

BILLEG: Gunnar Album i Naturvernforbundet meiner styresmaktene må ta ansvar og slutte å beskytte oppdrettsnæringa med milde reaksjonar etter rømmingar. Illustrasjonsfoto.

Foto: Villa

I helga vart det klart at så mange som 10 000 regnbogeaurar kan ha rømt frå Firda Sjøfarmer i Gulen.

Naturvernforbundet meiner det er nok eit døme på at rømming får for små følgjer for at oppdrettarane betrar tiltaka for å hindre rømming.

– Det er ikkje strenge nok krav, og det gjer at næringa ikkje treng å investere og vere oppfinnsame nok når det gjeld å finne måtar å drive oppdrett på, meiner Gunnar Album.

– Mot betre kunnskap

Gunnar Album

MILDT: Gunnar Album krev strengare straffer.

Foto: NRK

Oppdrettsselskapet Salmar fekk i fjor rekordhøge fire millionar kroner i bot etter at 175 000 oppdrettslaks rømde i februar. I år starta Nova Sea året med ei bot på 500 000 kroner etter 80 000 laks rømde frå ei uforsvarleg laksemerd på Helgeland i Nordland i fjor.

Administrerande Carl Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer meiner Naturvernforbundet snakkar mot betre kunnskap og skildrar næringa som «gjennomregulert og gjennomkontrollert».

– Eg vil ikkje seie at det ikkje får følgjer. I tillegg er Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Fylkesmannen gjeve store ressursar for å kontrollere oss. Det blir gjeve bøter, tosifra millionbeløp, for rømming, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Rømmingar 2006-2011

Årstal

Rapporterte rømmingar

Tal fisk

Totalt

261

3 637 857

2011

24

367 690

2010

53

462 876

2009

59

523 344

2008

40

395 644

2007

35

657 390

2006

50

1 230 913

(Kjelde: Fiskeridirektoratet)

– For små bøter

Arnesen viser til at oppdrettaren sjølv taper store beløp på å miste fisk. Han viser også til høge bøter og 60 forskrifter som regulerer bransjen. Arnesen legg til at dei også blir kontrollert minst ein gong i veka av styresmaktene.

Album meiner likevel at dette ikkje er nok for å få næringa til å verkeleg satse på tiltak som hindrar rømming.

– Det er jo bøter i dag, men dei er for små og det er heller ikkje noko krav til næringa som heilskap at dei skal halde utslepp av fisk under eit visst nivå. Det gjer at det ikkje blir investert nok frå næringa, seier han.

Ny standard

I tillegg har også WWF Norge, ved generalsekretær Rasmus Hansson, tidlegare teke til orde for at oppdrettsnæringa slepp for billeg unna ved rømmingar. Etter at over 110 000 oppdrettslaks rømde frå to anlegg i Trøndelag under stormen Berit, tok Kristeleg Folkeparti til orde for ein ny standard for oppdrettsnæringa.

Øyvind Håbrekke, stortingsrepresentant for KrF

STANDARD: Øyvind Håbrekke.

Foto: NRK

Stortingsrepresentant Øyvind Håbrekke tok då til orde for ein ny tryggleiksstandard for oppdrettsnæringa.

– Mellom anna har vi eit alternativ som sterilisering av fisken og lukka anlegg i sjø. Eg er ikkje ein fagperson som skal bedømme kva som er den rette løysinga, men eg er heilt klar på at vi må over ein heilt ny tryggleiksstandard som er på nivå som om det var eit lukka anlegg, sa han då.

3,6 millionar rømlingar

For Firda Sjøfarmer var rømminga i helga den tredje på tre år, og den 25. i Sogn og Fjordane sidan 2006. På den same tida er det registrert 263 rømmingar på landsbasis og over 3,6 millionar rømde oppdrettsfiskar.

Arnesen beklagar rømminga og seier det truleg er snakk om teknisk svikt som er årsaka til at det gjekk hol på mærda med 230 000 fisk. I løpet av dei neste par vekene, når dei tek opp nota og tel fisken, får dei svar på årsak og omfang.

– Vi arbeider kvar einaste dag for å unngå at slikt skjer. Det blir sjekka av uavhengige kontrollorgan, vi kontrollerer anlegget heile tida. Uhell kan skje, det treng ikkje bety at vi ikkje har gjort jobben vår, avsluttar Arnesen.