Hopp til innhold

Vil ikkje stogge vindkraftprosjekt

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i nye Stad kommune, Siri Sandvik, vil ikkje prøve å stogge vindmølleprosjektet som er planlagt på Stadlandet. Den siste tida har ei Facebookgruppe mot prosjektet fått nær tusen følgjarar.

– Så langt det har kome fram, har det vore ryddige prosessar og lokale folkevalde på den tid sa at dette var greitt. Prosjektet har kome langt, ein har starta med å utvide linjekapasiteten og vil starte bygging i haust. Det må vere ei viss føreseielegheit viss verksemder skal investere pengar i prosjekt. Prosessen har kome for langt til at vi kan stoppe det, seier Sandvik.

Siri Sandvik
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK