Hopp til innhold

Vil ikkje seie om Støyva har tillit

Leiinga i Stryn næringssamskipnad vil ikkje svare på om dei har tillit til Nils P. Støyva som næringsutviklar i kommunen.

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

FORSLAGET: Her er vegvesenet sitt forslag til ny E39. Den går frå Skei, gjennom ein ny tunnel under Utvikfjellet, vidare til Innvik og ei ny hengebru over til Svarstad. Dei stipla linjene på kartet er tunnelar.

Foto: Statens vegvesen

Nils P. Støyva

FEKK KRITIKK: Nils P. Støyva er næringsutviklar i Stryn, men seier han uttalte seg som fylkespolitikar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I slutten av november bestemte Statens vegvesen seg for at E39 via Stryn er det beste alternativet.

Støyva har fått sterk kritikk etter at han som fylkesleiar i Arbeidarpartiet gjekk ut og støtta Anda-Lote som stamvegline. Det er stikk i strid med næringslivet i Stryn sine ønskjer.

Det var ekstraordinært styremøte i næringssamskipnaden om saka i dag.

– Eg føler det som har kome fram er klønete og uheldig. Men det kan hende det kjem fram andre moment når vi har diskutert saka, sa styremedlem i Næringssamskipnaden, Jan Erik Sandbakk, før møtet.

Men etter møtet vil altså ingen frå leiinga vil svare på kva som kom ut av møtet. I morgon skal representantar frå næringssamskipnaden i møte med kommunen om saka.