Hopp til innhold

Intern strynekrangel om E39-trasé

Avisredaktør Bengt Flaten i Stryn går hardt ut mot sin tidlegare ordførar når han kastar seg inn i striden kring ny E39-trasé i Nordfjord.

Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, og fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva.

SPLID: Dei tilhøyrer same kommune, men er djupt usamde i kvar E39 bør gå.

Foto: Fotomontasje

Eksordførar i Stryn, og fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, støttar Anda-Lote som framtidig stamveg i Nordfjord.

Bengt Flaten, redaktør i avisa Fjordingen, meiner utspelet er heilt bak mål og viser til at indre line om Stryn både er billegast og fører til kortare reisetid.

Bengt Flaten

MISNØGD: Bengt Flaten, redaktør i Fjordingen.

Foto: NRK

– Det heng ikkje på greip, at du som fylkesleiar med ei forhistorie som ordførar og næringsutviklar i Stryn, overser og neglisjerer fullstendig kva folka i ditt eige lokalparti meiner. Han dreg konklusjonen før partiet i fylket i det heile har sett seg inn i saka, tordnar Flaten.

– Feig handling

Støyva har også fått på pukkelen av NRK sine lesarar og lyttarar. Då saka om Støyva sitt utspel vart publisert, kom det raskt 150 innlegg.

Redaktøren i Stryn følgde opp med krass kritikk i ein leiarartikkel. Han reagerer også på at stortingsrepresentant Erling Sande (Sp), fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) og gruppeleiar i Høgre si fylkestingsgruppe, Noralv Distad, talar varmt om ein midtre trase.

(Artikkelen held fram under kartet)

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

OMLEGGING: Statens vegvesen vil flytte E39 frå dagens trasé gjennom Gloppen og Eid, til Stryn.

Foto: Statens vegvesen

– Eg føler det er ei feig haldning å konkludere med det før ein har gått skikkeleg inn materialet frå vegvesenet og sett kva som ligg i det, seier han.

– Berre ei line aktuell

– Ein stamveg skal vere kortaste veg mellom to ytterpunkt veldig langt frå kvarandre, og så må eksisterande vegnett nyttast som gode tilførselsvegar til ein stamveg. Vi kan ikkje byggje stamvegar som går innom kvar bygd og kvart nes, held Flaten fram.

Nils P. Støyva

KRITIKK: Nils P. Støyva blir skulda for å vere bak mål i E39-saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Avisredaktøren får støtte frå Svein Sunde, som er styreleiar i Kviven AS. Han meiner det er uforståeleg å seie nei til E39 om Stryn.

– Det som er det raskaste, og ved ei opprusting av reststrekka Olden-Innvik, så vil ein faktisk veldig snart ha ferjefritt heilt frå Byrkjelo til Volda. Per i dag er det berre indre line som ser ut til å vere aktuell, seier han.

– Må gå der folket bur

Debatten om E39 gjennom fylket er brennheit. Spesielt når det kjem til kvar vegen skal gå mellom Byrkjelo og Volda. I Gloppen og Eid håpar dei at vegen skal gå som i dag, noko som igjen kan aktualisere bru og ferjefri veg mellom dei to kommunane.

I staden har Statens vegvesen tilrådd ei indre line med tunnel under Utvikfjellet, og bru over Nordfjorden til Svarstad. Denne ideen er ikkje Sande og Sp heilt med på.

– Når eg og Senterpartiet har sagt at stamvegen bør gå over Lote-Anda, så er det nettopp fordi at her er tettstadane. Skal vegen tene regional utvikling og regionen den skal gå gjennom, så må den gå der folket bur, seier Sande.

Lengre, men ...

Stortingsrepresentanten meiner tilrådinga frå Statens vegvesen ikkje inneheld ny informasjon som gjer at indre line bør veljast.

Han vedgår at lengre reisetid er ei ulempe, men vil likevel halde E39-ruta som i dag.

– Jo lengre tid det tek å køyre frå A til B, dess mindre samfunnsnytte får du for gjennomgangstrafikken. Men eg meiner det må setjast opp mot at det skal tene også lokaltrafikk. Vi ser at det blir vektlagt andre stadar, og det er naturleg å vektlege det i vårt fylke, seier Sande.