NRK Meny

Vil ikkje politimelde varslar

Høgre-politikar Karin Vikane vil likevel ikkje politimelde ein anonym varslar, skriv Sogn Avis. Ein anonym varslar skulda Vikane og tre andre politikarar i Sogndal kommune for å ha brote arbeidsmiljølova frå talarstolen i eit kommunestyremøte. Vikane meiner dette er ei arbeidssak, og at det eventuelt er Sogndal kommune som må følgje saka vidare.

Karin Vikane
Foto: Noralv Pedersen / NRK