Hopp til innhold

Vil ikkje laga ubåtrapport

Forsvarminister Grete Faremo vil likevel ikkje utarbeide ein ny rapport om ubåtaksjonen i Sognefjorden i 1972.

Grete Faremo

Forsvarminister Grete Faremo vil likevel ikkje utarbeide ein ny rapport om ubåtaksjonen i Sognefjorden i 1972.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

- Eg tykkjer det er dumt av departementet å ikkje kvittera ut heile ubåtsaka. Det kunne ha vore gjort på ein rimeleg lett måte der ein kvitterer ut dei uavklara spørsmåla som framleis heng att, seier stortingsrepresentant for Ap, Tor Bremer.

- Osar av uvilje

Tor Bremer

Tor Bremer er skuffa over eigen Forsvarsminister

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

For eit par veker sidan uttalte Bremer at Forsvarsdepartementet skulle utarbeide ein ny og klargjerande rapport om ubåtkrekningane i Sognefjorden i 1972. Rapport skulle liggja klar til fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet som startar på laurdag.

Men no blir det ikkje noko rapport, noko også Finn B. Førsund, leiar i Hyllestad Arbeidarparti, er skuffa over. I ein e-post til Bremer skriv Førsund mellom anna:

"Dette osar av uvilje frå Forsvarsdepartementet si side. Eg ser føre meg at våre folk, inkludert forsvarsminister Grete Faremo, kan bli sitjande igjen med lite ære og ringt mot i denne saka. Tenk på tidlegare intervju med ubåtsjefar og etterretningsfolk som ikkje kan skjøne kva løyndomar av militær art som rugar etter 38 år".

Set sin lit til helseministeren

Bremer reknar imidlertid med at helseminister Anne Grete Strøm Eriksen vil kome med klargjerande opplysningar om ubåtsaka under fylkesårsmøtet til helga.

- Eg har tiltru til at ho vil klårgjera det som er uavklart, og bidra til ein grei debatt om dette på årsmøtet.