Etter formannskapsmøtet i går vart det klart at politikarane no skal vurdera andre alternativ for mannen. Ordførar Bente Frøyen Steindal har bedt administrasjonen om å sjå på alternative stader i kommunen der mannen kan busetjast.
Klare signal frå bygdefolket
Kva desse alternativa går ut på, og kva tid saka kjem opp, er ikkje klart. Om det er det massive presset og frustrasjonen frå bygdefolket i Rognaldsvågen som har ført til at politikarane no tek opp saka på nytt, er også uvisst.
Men sikkert er det at politikarane fekk klare signal frå bygdefolket i Rognaldsvågen under det opne møtet tysdag kveld. Uro og redsle prega mange av innlegga frå dei som bur i den vesle bygda. Den valdsdømde mannen treng vakthald døgeret rundt for sine psykiske plager, og det er frykt for svikt i desse rutinene som skremmer folk mest.
Forsikringar frå fagpersonane
Den gamle lærarbustaden i Rognaldsvågen. Foto Svein Ove Hansli NRK.
Det å forsikra bygdefolket om at dette vakthaldet ville fungere, var den største utfordringa for fagpersonar frå Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, som møtte med fleire representantar.
Eivind Vatne, avdelingssjef ved psykiatrisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde, forklara at oppfølginga og opplegget frå helsevesenet si side var så godt som det kunne vera til at dei ikkje forventa at dramatiske ting skulle skje.
Kjem ikkje til å endra meining
Fagekspertane møtte lita velvilje for sine argument om kvifor den valdsdømde mannen skulle busetjast i den gamle lærarbustaden midt i bygda. Med talsperson Olav Steimler i spissen, gav dei klart uttrykk for at dei ikkje kjem til å endra meining.
Steimler hadde ei klar oppmoding til dei folkevalde i Flora:
- No håpar eg politikarane gjer ei solid vurdering og iallfall ser på kva denne mannen treng mest, nemleg god omsorg og eit trygt tilvere, kanskje i omgjevnader som er litt meir opne og byaktige enn denne øya.
Skuffa fagfolk
Etter folkemøtet var Vatne frå sentralsjukehuset i Førde skuffa:
- Det som kom fram var kjent på førehand. Eg blei skuffa når det kom så eintydige attendemeldingar på at det ikkje har kome fram noko nytt. Då opplever eg at eg ikkje har nådd heilt fram med bodskapen min.
Ordførar Bente Frøyen Steindal på folkemøtet i Rognaldsvågen. Foto Svein Ove Hansli NRK.
Venta på svar
Ordførar Bente Frøyen Steindal ville ikkje svara klart på om kommunen kjem til å snu i saka. Først må administrasjonen greia ut kva andre løysingar som kan vera aktuelle.
- Eg vil venta med å uttala meg til me har fått lagt fram saka og fått vita kva me kan gå for, men sjølvsagt lyttar me til bygdefolket.