NRK Meny
Normal

Vil ikkje drive valkamp for Øberg

– Det vert vekkasta tid å drive valkamp for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Det meiner lokallaget i Eid.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

OMSTIDDE: Harry Mowatt og Clara Øberg kling dårleg i Nordfjord.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nordfjord sjukehus

STRIDENS KJERNE: Helse Førde sine planlagde omleggingar ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Arne Eithun / NRK

Både styreleiar Clara Øberg og styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde står høgt på Arbeiderpartiet forslag til fylkesvalliste.

– Totalt vekkasta tid

Det er ei plassering lokallaget i Eid ikkje kan leve med.

– Det er totalt vekkasta tid for oss i Eid å skulle drive valkamp for ei fylkestingsliste der slike kandidatar står høgt oppe, seier Rita Nyland i Eid Ap.

Dermed fører sjukehusstriden til full kamp om plassane på Ap si fylkesvalliste, før nominasjonsmøtet i partiet skal vedta den endelege lista.

Ønskte eksklusjon

Nyland som møtte partisekretær Raymond Johansen i førre veke seier dei ikkje har problemer med partiet sentralt, men at dei ynskjer Øberg og Mowatt vekk frå fylkestinget.

– Vi har tidlegare levert inn forslag om eksklusjon på desse to personane, noko som vart nedstemt. Deira tolking av vårt partiprogram i forhold til vedtak i fylkestinget tilseier at dette er folk som vi i Eid Arbeidarparti ikkje ønskjer skal stå på fylkestingslista vår ved neste val.

Støttar Mowatt og Øberg

Endeleg liste til fylkestingvalet skal avgjerast seinare i haust. Leiar i nominasjonsnemnda Jan Helge Dale frå Florø seier at han sjølv har stått i sjukehuskrigen og skjønar reaksjonane. Men han forsvarar at Øberg og Mowatt står på lista.

Kommunelege i Flora, Jan Helge Dale.

- DYKTIGE: Jan Helge Dale i nominasjonskomitéen til Ap meiner ein ikkje kan komme utanom Mowatt og Øberg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har funne plass til to dyktige politikarar som heiter Clara Øberg og Harry Mowatt. Dei har ei spesiell rolle i Sogn og Fjordane, knytt til at dei sit i styret til Helse Førde. Det er ei belastning for oss, det må vi berre innrømme. Sjukehuspolitikk er ei belastning for Arbeidarpartiet, og det har ikkje berre med desse personane å gjere, seier Dale.

– Hadde blitt bråk uansett

– De kunne ikkje berre ha valt å lage ei liste som hadde ført til mindre bråk i partiet?

– Det hadde vel blitt bråk om vi hadde valt å ikkje ta med desse personane óg, det er eg ganske sikker på. Det er helsepolitikken her som er bråket, og så blir det ei personifisering rundt desse personane, seier Jan Helge Dale, leiar i nominasjonskomitéen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune