Hopp til innhold

Vil hindre at cruisehavner i Noreg ser ut som London i rushtida

Næringsministeren kallar no inn til møte for å hindre at Noreg skal ende opp som eit reisemål folk skyr på grunn av ekstrem masseturisme.

Torbjørn Røe Isaksen og cruiseturistar i Flåm

KALLAR INN: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil unngå at Noreg blir eit turistland med ekstrem masseturisme.

Foto: NRK

Torbjørn Røe Isaksen er minister også for reiselivsnæringa og ser no med uro på striden kring den enorme auken i turisme til landet. Særleg i dei mest populære cruisehamnene som Flåm og Geiranger er det enkelte dagar som sild i tønne.

– Det er eit problem nokon stader i Noreg og eg har i haust kalla inn til eit møte for å høyre kommunane som er omfatta av dette og få høyre deira innspel til kva dei treng av verktøy, seier Røe Isaksen til NRK.

Han meiner det er viktig no at regjeringa legg til rette for at turistkommunane skal klare å styre cruiseturismen slik at ein unngår «people pollution», som det blir kalla internasjonalt. Fleire stader i verda, som til dømes Dubrovnik og Barcelona, har protestane vore høglytte.

– Vi har også i vår fått vedteke nye, strenge regelverk som skal beskytte dei mest utsette fjordane våre. Dei skal hindre at verdsarvfjordane ser ut som London i rushtida og vi stiller strenge miljøkrav til blant anna cruisenæringa, slår næringsministeren fast.

Kritisk til ministeren

Arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, som organiserer bedriftene i cruisenæringa, er derimot ikkje særleg imponert over regjeringa sin innsats.

– Vi meiner at næringsministeren ikkje gjer jobben sin i høve reiselivsnæringa. Den må prioriterast like høgt som industrien. Dette er ei næring vi skal leve av. Det jobbar altså 170.000 menneske i reiselivet, seier Ivar Horneland Kristensen.

Som administrerande direktør har han organisasjonen i ryggen når han no går ut med ei breiside mot regjeringa sin reiselivspolitikk, også innan cruiseturisme.

– Vi få til dette på ein berekraftig måte. Her har ministeren og regjeringa forsømt seg, meiner Kristensen. Han meiner at ministeren burde hatt ein plan for korleis det kan bli fleire heilårsjobbar og korleis næringa skal auke verdiskapinga, samstundes som ein tek omsyn til berekraft.

Ansvar til kommunane

Torbjørn Røe Isaksen meiner på si side dei regjeringa tek det naudsynte ansvaret saman med turistkommunane og næringa.

– Eg tykkjer ikkje vi skal sitje i Oslo og bestemme at ein kommune skal ta imot cruise eller at dei ikkje skal gjere det. Det vi derimot kan gjere frå nasjonalt hald er å setje strenge krav til klima og miljø. Det er difor vi skal vurdere om vi treng strengare regelverk for skipa som går inn i fjordane våre, ikkje berre i verdsarvfjordane.