Hopp til innhold

Vil ha storkommune på kysten

Høgre-ordførar Morten Hagen vil ikkje sitje i baksetet når kommunen hans eventuelt blir slått saman med andre. Difor har han sjølve teke til orde for ei utgreiing.

Morten Hagen

STØRRE? Ordførar Morten Hagen i Vågsøy ser ikkje vekk frå at kommunen hans kan bli del av ein større kommune i framtida.

Foto: Thomas Hagen

Utgreiing av kommunesamanslåing står difor på sakslista når formannskapet i Vågsøy samlar seg i til møte i morgon, skriv Fjordenes Tidende.

Hagen trur ein storkommune på kysten kan ha mykje god for seg, og ser at dette blir stadig meir aktuelt.

– Først og fremst ser eg at vi samarbeider tettare og tettare med andre kommunar, og det blir stadig fleire område der vi er avhengige av interkommunale samarbeid, seier han til NRK.no.

– Med det som bakgrunn ønskjer vi å greie ut moglegheita for å kunne slå saman fleire kommunar fullstendig, i staden for at det berre blir interkommunale samarbeid, seier ordføraren vidare.

Har ikkje teke stilling til kor kommunesenter skal ligge

Han seier dei først og fremst ser mot nabokommunane, og at han ikkje er framand for å gå over fylkesgrensa for å finne samarbeidspartnarar. Til Fjordenes Tidende seier han at ein sterk kommune på kysten ville vore positivt, men understrekar at ingenting er avgjort enno.

– Vi har ikkje teke avgjerd på kva kommunar, men det er naturleg å sjå mot dei kommunane som ligg tettast, seier Hagen til NRK.no.

– Kor ser du for deg at senteret i ein slik storkommune skal ligge?

– Av ein eller annan grunn visste eg at det spørsmålet kom, men det er for tidleg å seie noko om. Det kjem an på kva kommunar som kjem saman. Og i dagens verd er det også slik at senter og funksjonar ikkje treng å ligge på same stad, seier ordføraren.

Også fleire andre stader i fylket opnar kommunane opp for samanslåing. I Sogn og Sunnfjord er det no ti kommunar som har sagt seg positive til dette.

Vil vere i førarsetet

Motstanden mot kommunesamanslåing har vore sterk fleire stader når spørsmålet har vore oppe tidlegare. Hagen seier det er best at lokalpolitikarane kan vere med å bestemme sjølve, dersom det er slik at samanslåing uansett vil skje.

– Det er slik at det er ei stadig større gruppe på stortingsnivå som seier at anten må kommunane finne saman sjølve, eller så blir det tvangssamanslåing.

– Eg ønskjer heller å vere i førarsetet og styre det sjølv, enn at vi skal bli pålagde dette frå sentralt hald av. Det er grunnen til at vi må byrje med ei utgreiing for at vi sjølve skal kunne ha handa på rattet, seier Hagen til NRK.no.