Hopp til innhold

Vil ha permanent fellingslag

Gaular-ordføraren vil vere betre budd om det skulle dukke opp ein ny bjørn i Sogn og Fjordane.

- Når eg ser at dette kom veldig brått på oss og vi måtte hive oss fort rundt ser eg i etterkant at vi må få etablert eit fylkesdekkande jaktlag så vi har ein beredskap på plass når og om dette skulle dukke opp igjen, seier ordførar i Gaular, Jenny Følling (Sp).

Les og diskuter: Bjørnen er skoten

Bjørn skutt

(Artikkelen held fram under biletet)

bjørnen er skoten
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kurs og skulering

Ho etterlyser også kurs og skulering, og vil ha hundar som kan vere med å søkje etter rovdyra.

Bjørnejegerane: - Pulsen steig nokre hakk

Les og: Bjørnen felt av bananskal

Les og: - Ei enorm glede

Fellingslaget vil Følling ha på plass så snart som råd, og ber fylkesmannen om eit møte alt denne veka.

- Fylkesmannen er heilt sentral her fordi han både sit på retten til å gje løyve og skal sjå til at dette går føre seg på ein forsvarleg måte. Eg trur Fylkesmannen også er ein god part å ha med seg når det gjeld å skaffe økonomiske bidrag som faktisk vert eit politisk prosjekt, seier Følling.