Hopp til innhold

Bjørnen er skoten

Blir frakta ned til Fjærland med helikopter.

Skoten bjørn på Vetlebreen

Bjørnen vart skoten på Vetlebreen i Fjærland.

Foto: Jan Erik Gjerland

Fellingsleiar Finn Olav Myren stadfestar at bjørnen vart skoten i 11.30-tida i føremiddag.

Blir henta med helikopter

Bjørnen vart skoten på 1200 meters høgde, og skal fraktast ned med helikopter.

- SNO er på staden og skal sjå på bjørnen først, seier fellingsleiar Finn Olav Myren.

Så blir bjørnen frakta ned til Kjøsnes i Jølster for nærare undersøking.

(artikkelen held fram under biletet)

Eit helikopter måtte frakte bjørnen ned frå Vetlebreen
Foto: Steinar Lote / NRK

Fann ferske spor

Eit jaktlag har jakta på bjørn i fleire veker, etter at det er funnen mellom ti og 15 sauekadaver og skadde sauer den siste tida. Etter å ha sett ferske spor i går kveld, har jaktlaget vore i området i heile natt.

Les òg: Oppdaga bjørnespor

- I føremiddag sendte vi opp to jegerar til Vetlebreen. Dei traff blink, seier Myren.

(artikkelen held fram under biletet)

Fellingsleiar Finn Olav Myren

Fellingsleiar Finn Olva Myren ser opp mot Vetlebreen der bjørnen vart skoten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Blir stoppa ut

Fellingsleiaren er ikkje heilt sikker på kva dei skal gjere med bjørnen enno.

- Men mest truleg blir han stoppa ut, seier han.

Hundre år sidan sist

Det skal vere hundre år sidan sist det vart skoten bjørn i Fjærland. Den siste bjørnen som vart skote i Sogn og Fjordane var i 1956, i Leirdalen i Luster.

Les alt om bjørnen i Sogn og Fjordane