– Vi burde jo hatt nynorsk her hos oss. Det er eit nynorskfylke, så vi burde bruke vår eiga dialekt, seier ein eldre herremann.
Han får støtte frå ein annan.
– Med tanke på at vi er midt i nynorskland, så meiner eg det hadde vore best om vi brukte nynorsk.
Men dei store kjedebutikkane seier dei ikkje kan. Kvifor? Jo, fordi det kostar for mykje.
Kundane vil ha nynorsk
Nynorsk er viktig for mange av dei NRK møter på det nyopna kjøpesenteret Amfi Sogningen i Sogndal. Etter å ha investert 200 millionar lokka dei i går med 60 butikkar, mange av dei er heilt nye.
- LES OGSÅ:
Men gamle eller nye butikkar, det meste er uansett skrive på bokmål. Kundane skulle helst sett at det var annleis.
– Lokalt burde dei reklamere på nynorsk, seier ei kvinne.
– Det er litt kjipt når du kjem frå ein plass der mesteparten skriv nynorsk og er oppvaksne med det, seier ei anna.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Det handlar om kven vi er
Også Trine Lerum Hjellhaug som er administrerande direktør i Lerum er oppgitt. Ho likar dårleg at dei nyopna butikkane brukar bokmål i marknadsføringa.
– I Sogndal, i Sogn og i Sogn og Fjordane må vi bruke nynorsk, det har med identitet å gjere. Alle som driv med handel i fylket, og no spesielt i Sogndal, bør annonsere på nynorsk, er oppmodinga.
Hennar eiga bedrift har hausta mykje ros for at dei har teke eit bevisst val, nemleg å bruke berre nynorsk.
– Etter at vi gjorde det har vi ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar. Dette har med kven vi er å gjere, seier Lerum Hjellhaug.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meiner det blir for dyrt
Så kvifor er det ikkje meir nynorsk å sjå i butikkane? Per-Odd Grevsnes i Sogn Næring viser til at mange av butikkane kjem frå andre plassar.
– Det har med seg litt bagasje, og det er bokmål, seier han.
Kristine Gundersen er dagleg leiar ved Cubus i Sogndal. Ho trur det er vanskeleg å overtale Cubus-kjeda til å reklamere på nynorsk.
– Vi er sentralstyrte frå Oslo, så då blir alle plakatar på bokmål. Vi kan alltids levere eit ønskje, men eg trur ikkje det kjem til å skje noko, seier Gundersen.
– Kvifor ikkje?
– Dei printar opp materiellet i store kvantum. Det er billegare og gjer det enklare trur eg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Prøver så godt han kan
På Intersport i Sogndal prøver dagleg leiar Reidar Dvergsdal å bruke nynorsk så ofte han kan.
– Vi brukar nynorsk i all lokal marknadsføring som vi lagar sjølv, men når det gjeld materiellet vi får direkte frå kjeda, så er dessverre mesteparten på bokmål, seier Dvergsdal.
Også han viser til at det kostar å skulle trykke opp materiell og at det gjerne hadde blitt dyrare om ein skulle gjere det på to målformer.
– Dette er materiale som blir laga til heile landet, og som det er eit kostnadsspørsmål i forhold til produksjon, seier han.
– Dei tek ikkje kundane på alvor
Ein som meiner det heilt fint går an for store kjeder å bruke nynorsk er språkforskar Jan Olav Fretland. Han er skuffa over bokmålsbruken.
– Dette er leitt, og det viser at dei ikkje tek kundane på alvor. Dei forstår ikkje kor viktig språket er, spesielt i Sogn og Fjordane, seier Fretland.
– Det som har vore spesielt i Sogndal er at vi har hatt nokon som har gått føre og vist at dette går an. Det handlar om å vere tøff og krevje ting, då får ein det på nynorsk.
– Byggjer merkevare
Også direktøren i saft- og syltetøyprodusenten Lerum skulle ønskje dei store kjedene ville satse på nynorsk i marknadsføringa.
– Det kan hende det kostar litt meir ressursar, men på lengre sikt trur eg at ein får att for det.
– Det fordi ein byggjer identitet og merkevare, seier Trine Lerum Hjellhaug.