Hopp til innhold

Finanskrisa lenger sør i Europa kan gi nye butikkar til bygdene i Norge

Gjeldskrisa i Europa kan føre til at fleire store butikkjeder kjem til bygdene i Norge. Dei ser nemleg sitt snitt til å tene pengar her når kjøpekrafta lenger sør i Europa skrantar.

Mykje folk under nyopninga av Amfi Sogningen

VELSTANDEN LOKKAR: Medan kjøpekrafta lenger sør i Europa er skrantande, er det framleis velstand i Norge. Det lokkar også dei store internasjonale kjedene, meiner senterkjededirektør.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fleire store internasjonale kjeder startar no opp fleire butikkar i Sogn og Fjordane. I går hadde Amfi Sogningen i Sogndal nyopning med nesten 60 butikkar.

Fleire av desse har aldri vore i Sogndal, og ting tyder på at det kan kome meir til fylket. Dei store kjedene vel no nemleg å satse også i område der det ikkje bur så alt for mange.

– Vi ser store moglegheiter her

Ivrige handlande strøymde til då Amfi Sogningen nyopna i går etter å ha investert 200 millionar kroner. Senteret kan no mellom anna lokke med den store internasjonale kleskjeda Hennes & Mauritz. Det er ei av fleire store namn som no satsar i Bygde-Noreg.

Landssjef i H&M, Lucas Seifert, gledde seg stort over at han i går kunne opne sin butikk nummer 100 her til lands.

– Vi ser store moglegheiter for god handel i Sogndal, ikkje berre her, men også frå området rundt. Eg ser eit stort potensial, seier svensken til NRK.no.

Lokka av velstanden i Norge

H&M-butikken i Sogndal er den andre butikken kjeda har i Sogn og Fjordane. Også andre store kjeder som til dømes Clas Ohlson har no valt å satse på stader som Førde og Sogndal.

Administrerande direktør i det som er den største senterkjeda i Norge, nemleg Amfi, seier den økonomiske krisa i Europa gjer at internasjonale kjeder også satsar på mindre stader i Norge.

– H&M er eit godt eksempel på ei kjede som har interessert seg for større tettstader og mindre byar i Norge no.

– Eg trur det har noko å gjere med den velstanden vi har i Norge og dei problema som er i resten av Europa, seier Lars Løseth i Amfi.

Gjer bygdene meir attraktive

Dei handlande i Sogndal er uansett grunn svært så glade for det nye tilskotet av butikkar på senteret.

– Eg trur dette er bra for Sogndal. Eg fleire folk vil komme hit og det blir meir attraktivt å bu her, seier ei ung dame NRK snakka med.

Lucas Seifert er klar på at H&M vil starte opp fleire butikkar her til lands.

– Etterspurnaden finst jo i heile Norge, så difor handlar det eigentleg om å prøve og følgje kundane sitt behov, seier H&M-sjefen.

Det bryggar opp til handelskrig mellom Sogn og Sunnfjord. I Sogndal opna eit nytt kjøpesenter i dag - I Førde står butikkar tomme, og handelen stagnerer.