NRK Meny
Normal

Vil ha møte med Statoil

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er opprørt over Statoil og krev å få møte konsernleiinga.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

KJENNER SEG OVERSETT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes krev møte med leiinga i Statoil

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

I eit brev til olje- og gassgiganten gir Kjelsnes uttrykk for at fylkeskommunen føler seg oversett og at Statoil ikkje held tidlegare lovnader om satsing på Sogn og Fjordane.

– Dialogen har vore god til no, difor vart eg overraska då eg blei kjend med avtalen som var utarbeid mellom Flora og Statoil.

Avtalen blei inngått tidlegare denne månaden, men utan at fylket var involvert, eller at fylket sine krav var bakt inn i avtaleverket for vidare satsing i regionen.

– Sidan vi ikkje har vore orienterte eller hatt noko del i det som Statoil har utvikla i lag med Flora. Då tykkjer eg det er på sin plass at vi får møte leiinga og fortelje om vår posisjon.

– Særleg med tanke på at Statoil i avtalen knyter dette opp mot lisensar og konsesjonar.

– Er det realistisk å tru at ein skal få til noko meier ein enn Fjord Base-miljøet i Florø?

– Ja, det meiner eg absolutt.

Ørjan Heradstveit

LOVAR MØTE: Ørjan Heradstveit, mediekontakt for Statoils oppstrømsaktiviteter på norsk sokke

Foto: Øyvind Hagen

Ørjan Heradstveit, som er mediekontakt for Statoils oppstrømsaktiviteter på norsk sokkel, stafester at dei har motteke brevet og seier dei vil legge til rette for eit møte.

– Kven som som stiller for Statoil i dette møter ikkje bestemt enno.

Ut over det har Statoil ingen kommentarar i dag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå