Hopp til innhold

Samlar seg mot Statoil sine nedbyggingsplanar

Eit samrøystes fylkesting kom onsdag med ei fråsegn om kor alvorleg dei meiner Statoil sine nedbyggingsplanar i Florø er. Men fylkesordførar Åshild Kjelsnes åtvarar mot å tru at det i seg sjølv får Statoil til å snu.

Kjelsnes og basen

GIR SEG IKKJE: Fylkespolitikarane og fylkesordførar Åshild Kjelsnes kjem med ei fråsegn som dei sender til både olje- og energidepartementet og Statoil, angåande nedbygginga av forsyningsbasen til Statoil i Florø.

Foto: Noralv Pedersen/Ottar Starheim / NRK

– Fylkestinget krev at baseaktivitetane i Florø ikkje vert bygde ned. Vi er sterkt uroa over det Statoil har vedteke å gjere, og vi seier også litt om kva posisjon Statoil har, seier Kjelsnes.

Den samrøystes og tverrpolitiske fråsegna blir send både til Statoil og til departementet.

– Det er eit sterkt signal og ein styrke at det ikkje vert spelt politikk på dette. Det er det altfor viktig til, seier Kjelsnes.

Vil ikkje nytte styringsretten

Statoil har varsla at dei vil leggje ned mykje av forsyningsaktiviteten frå oljebasen i Florø frå sommaren 2015. Fleire hundre arbeidsplassar kan forsvinne frå kystbyen, noko som har fått politikarane til å reagere sterkt.

Tidlegare i prosessen var det eit samla fylke som gjekk i lag i kampen for basen i Florø. Eit samla politisk miljø har meint at nedbygginga bryt med konsesjonsvilkåra til Statoil. Trass i iherdige protestar har Olje- og energidepartementet varsla at dei ikkje kjem til å overprøve Statoil si nedbygging av oljebasen i Florø.

Stortingsbenken til Sogn og Fjordane møtte for halvanna veke sidan olje- og energiminister Tord Lien (Frp) for å høyre om regjeringa vil nytte styringsretten. Men dei fekk eit klokkeklart svar frå statsråden om at han ikkje kom til å løfte ein finger.

Men politikarane i fylket har ikkje tenkt å gi seg i kampen om oljebasen, og Kjelsnes understrekar at ein no må bruke dei instrumenta som ein har til rådvelde.

– Då må vi samle oss og sjå korleis vi kan jobbe i lag. Så får vi heller vere usamde om grunnleggjande vegval. Eg er glad for at vi jobbar i hop på kvar sin måte, i staden for å berre stridast, seier Kjelsnes.

Syner til ressursforvaltning

Fylkespolitikarane legg fram det dei meiner er deira sterke kort når det gjeld både seglingstid og kva det har å seie både for helse, miljø og tryggleik.

– Vi syner også til petroleumslova som slår fast at ein faktisk frå departementet si side kan instruere ein operatør til å nytte seg av ei base når ein skal ta vare på nasjonale verdiar, ikkje minst når det er gjeld ressursforvaltning og helse, miljø og tryggleik, seier Kjelsnes.

Dermed vel fylkespolitikarane ein annan strategi. Tidlegare har det vore snakka mykje om konsesjonsvilkåra til Statoil, og at staten burde gripe inn i saka.

– Det med konsesjonsvilkår er eitt spor, og noko vi framleis ser på, men på ein annan måte. Her tek vi dei spora vi meiner vi kan følgje, og det meiner vi er ein fornuftig strategi, seier Kjelsnes.

Må vere konstruktive

Ho peikar også på at næringslivet gjer alt dei kan for å syne kor dyktige dei er.

– Statoil har gjort seg opp ei meining om korleis dei ønskjer å ha det, så ein må ikkje tru dette er ein enkel kamp, og at dei berre kjem til å snu, seier Kjelsnes.

Ho legg til at det er viktig å ha ein god dialog både med Statoil og departementet.

– Vi må vere konstruktive, og det meiner eg at vi er. Men vi må også få lov til å seie ifrå om det vi meiner ikkje er rett, seier Kjelsnes.